Vi treng ny medarbeidar med elektroteknisk kompetanse til drift av tunnelar og anlegg langs veg

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Firma Statens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist17.08.2014

I Statens vegvesen Region vest har vi ein ledig stilling som kontrollingeniør elektroteknisk kompetanse. Med ein stadig aukande trafikk og krav til ein trygg og god trafikkavvikling vert det stilt store krav til den elektrotekniske infrastrukturen. Detta vert løyst blant anna gjennom avanserte styrings- og overvakingssystem, varslingssystem, ny og betre vegbelysning i tunnelar og langs vegnettet forøvrig.

Statens vegvesen har ansvar for og planleggja, prosjektera, implementera og drifta både infrastrukturen og systema. Stillinga er knytt til Byggherrepoolen i Region vest, for tida ved fylkesavdeling Hordaland, vegseksjonen Bergensområdet med kontorstad Bergen.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for teknisk kvalitetskontroll og dokumentasjon, samt oppfølging av mengder i driftskontrakt
  • Utøve byggherrefunksjonen som byggeleiar eller på vegne av byggjeleiar i den daglege drift og vedlikehald av elektriske installasjonar i tunnelar og på veganlegg
  • Ta del i planlegging og anbodsutarbeiding ved oppgradering og nye installasjonar
  • Aktivt arbeid med HMS- fokus saman med entreprenørar
  • Diverse sakshandsaming

Kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning frå universitet, 3-årig høgskule eller 2-årig teknisk fagskule med relevant fagkrets. For søkjarar med sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet, gode personlege eigenskaper for stillinga kan kravet frå utdanning fråvikast
  • Søkjarar må ha fagbrev innan elektro
  • Søkjarar må ha førarkort kl B.
  • Det krevst at arbeidstakar både forstår og kan gjøre seg forstått på norsk skriftelig og muntleg. All kommunikasjon ovanfor entreprenører i kontraktane skal skje på norsk

Vi legg vekt på:

  • Kunnskap om lover, forskrifter og regelverk innanfor fagområdet
  • Erfaring frå liknande arbeid/bransjeerfaring
  • Evne til å jobba sjølvstendig og medverke til eit godt arbeidsmiljø både internt og i forhold til entreprenørane
  • Fleksibilitet til arbeidsoppgåver
  • Evne til å jobbe målretta og strukturert
  • God munnleg og skriftleg uttrykksform

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Søk stillinga her

Kontaktpersonar:

Arild Hegrenæs

tlf: +47 55516227

mob: +47 95088756

Vis flere stillinger: