Vi søker ein seljar mot bygg-/entreprenørbransjen

Manpower er leiande innan bemanning og rekruttering til privat og offentleg sektor. Vi tilbyr våre kandidatar eit bredt spekter av midlertidige og faste stillingar. Sammen med oss byggjer du di karriere, og vi bidreg til at du når dine mål på kort eller lang sikt. Våre innovative og fleksible løysningar gjer oss til den komplette leverandøren for våre kundar. Vi er landsdekkjande med 30 kontor. Følg oss på Facebook, blogg og Twitter.

Firma Manpower for Brødrene Dale
FylkeMøre og Romsdal
StedSeljestad
Søknadsfrist15.11.2015

Brødrene Dale As starta opp i 1947, det er no tredje generasjon som styrer bedrifta. Produksjonen har variert frå å starte med sovromsmøblar og kjøkkenskap til vindu og dører i dag. Frå 1963 har fabrikken spesialisert seg på vindu og dører til landbruket, og er i dag heilt i toppen på desse produkta. Dette gjeld både kvalitet og produktspekter. I 1986 vart det starta opp igjen med produksjon av vindu og dører til bustad og hyttemarknaden. Det er no invistert i nye maskiner og gode fagfolk, og bedrifta har spesialisert seg på målsaum tilpassa rehabiliteringsmarknaden. Visjonen til Brødrene Dale AS er å tilby eit mangfaldig utaval, både av standard- og spesialtilpassa kvalitetsprodukt for ulike bruksområder. Både når det gjeld Bustad- hyttemarknaden og landbruksmarknaden.

Bedrifta er i stadig vekst og ynskjer å utvide og styrkje salsapparatet mot ytterlegare marknader. Vi søkjer derfor den dyktige seljaren som vil vere med å utvikle selskapet vidare.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppsøkande salsarbeid mot entreprenørar, byggmeistrar, bygghandel og offentlege verksemder
  • Følgje kunden frå tilbud til ferdigbehandla ordre
  • Prioritere, planlegge og gjennomføre salsarbeidet sitt
  • Overvake og analysere hendingar og nye trekk i marknaden
  • Drive marknadsarbeid for bedrift og produkt gjennom sosiale mediar/heimeside

Ønska bakgrunn/eigenskaper:

  • Bakgrunn frå sal/marknadsføring mot bedriftsmarknaden
  • Kunnskap om, eller erfaring frå bygg- og entreprenørbransjen
  • Stor entusiasme og ei proaktiv innstilling til sal og kundeoppfølging
  • Ha evne og vilje til å sette og forplikte seg på mål
  • Kompetanse innan digital marknadsføring
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter muntleg og skriftleg
  • Fleksibel til reiseverksomheit og ulike arbeidsoppgåver

Er dette deg så søk stillinga gjennom annonsa eller på våre heimesider www.manpower.no. For spørsmål til stillinga ta kontakt med Manpower representantar.

Klikk her for å komme til vår hjemmeside hvor du kan registrere din CV og søke stillingen.

Kontaktinformasjon

Terje Natvik
Telefon + 47 90 75 78 14
Terje.Natvik@manpower.no

Tina Wingsternes
Telefon + 47 92 22 22 48
Tina.Wingsternes@manpower.no

Vis flere stillinger: