Statens vegvesen skal oppgradere E16 -Lærdalstunnelen. Foto: Silje Drevdal, Statens vegvesen

Statens vegvesen skal oppgradere E16 -Lærdalstunnelen. Foto: Silje Drevdal, Statens vegvesen

Vegvesenet vil ha Lærdalstunnel-avklaring klar til påske

Statens vegvesen viser i ei melding til at dei søker den beste løysinga for oppgraderinga av Lærdalstunnelen. – Så langt er ingenting bestemt, men målet er å ha ein plan klar rundt påske, skriv Vegvesenet.

Det har vore mykje debatt kring kva løysing ein skal nytte i arbeidet med å oppgradere verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen. Eit av alternativa har vore å stengje tunnelen under arbeidet.

– Vår målsetting er å få ferdig ei utredning i løpet av vinteren, med eit mogeleg vedtak av hovudlinjene for oppgraderinga rundt påske. Eg vil understreke at me ikkje har bestemt oss for noko enno, og me er framleis i ein fase der me tar kontakt med offentlege institusjonar, interessegrupper, bedrifter og enkeltpersonar for å hente inn informasjon, seier Stig Berg-Thomassen, leiar for Tunneloppgradering vest i Statens vegvesen, i meldinga.

– Målet med prosessen er å finne dei løysingane som gir minst ulempe, samstundes som anleggsarbeidet kan gjennomførast på ein effektiv måte. Oppgradering av Lærdalstunnelen er ein svært krevjande oppgåve, der ein ikkje vil unngå utfordringar for både enkeltpersonar og samfunnet, skriv etaten.

– Dei møta og samtalane me hittil har hatt, har gitt nyttig informasjon for begge partar og eit grunnlag for dei ulike gruppene til å kome med grundige og konstruktive innspel. Dette har ein positiv effekt på arbeidet me i Statens vegvesen gjer knytt til vurdering av heilheita, seier Berg-Thomassen.

Han viser til at det framleis er mogeleg å kome med innspel, i alle fall fram til starten av februar.

Hovudalternativa som er aktuelle for å få gjennomført oppgraderinga, er lange nattestengingar og heil/delårsstenging av tunnelen.

– For alternativet med lange nattestengingar, er det foreløpig ikkje tatt stilling til når det skal stengast og når det skal opnast. Men ein stengeperiode på tolv timar kvar natt blir vurdert som heilt nødvendig, seier Berg-Thomassen.

Samstundes jobbar Vegvesenet med reguleringsplanar i både Lærdal og Aurland kommune for å sikre plass til overskotsmasser, samt areal til etablering av nødvendig kolonneoppstilling.

– Begge deler er heilt avgjerande å ha på plass før eit anleggsarbeid kan starte opp, skriv Vegvesenet.

– Slik prosessen ser ut, kan ein fysisk oppstart for prosjektet tidlegast vere aktuelt mot slutten av 2024, seier Berg-Thomassen.