Illustrasjon av planen for fylkesvegen langs bustadfelta på Endrestø (nærmast) og Varhei, sett mot nord. Sykkelveg med fortau kjem tett på garasjeanlegga. Garasjeanlegget langs vestsida kjem i konflikt med fortauet, og må justerast. Midt i bildet skimtast gangbrua.

Vegvesenet ferdig med planen for Transportkorridor vest i Randaberg

Denne veka sender Statens vegvesen reguleringsplanen for Transportkorridor vest i Randaberg til sluttbehandling i kommunen.

Planen gjeld nær tre kilometer av fylkesveg 409.

Transportkorridor vest er ein viktig hovudveg som bind saman fire næringsområde i den vestre delen av Nord-Jæren. På strekninga er målet å få til effektiv gods- og persontrafikk langs knutepunkt og terminalar.

Justert plan

Planen for strekninga var på høyring i 2017. Då kom det inn eit forslag frå fleire grunneigarar om å endre traseen for diagonalen, som er strekninga mellom Håland og E39.

- Vi tok desse innspela med oss, og jobba fram eit nytt forslag, som vi kalla «Diagonal Nord», fortel prosjektleiar i Statens vegvesen, Svein Mæle i ei pressemelding.

Planen for delar av Transportkorridoren, altså for den alternative «Diagonal Nord» var til behandling i kommuneplanutvalet den 6. september 2018, og blei deretter lagt ut på ny høyring.

- Etter behandling av motsegn frå Fylkesmannen om berøring av Svartholsmyra, er det opphavlege planforslaget sydd saman med ny diagonal nord, forklarar Mæle.

Prosjektleiaren understrekar at prosessen har vore god.

- Vi har tatt innspela på alvor, vi har innarbeida grunneigarforslaget som ein del av planen som nå blir fremma for sluttbehandling.

Betre for dei som går og syklar

I planforlaget som Statens vegvesen denne veka har sendt til Randaberg kommune, ligg ei betydeleg oppgradering for dei som går og syklar.

- Langs heile traséen har vi skilt gåande og syklande frå biltrafikk, og også frå kvarandre. I tillegg planlegg vi å laga ny bru for gåande og syklande. Ved Varheiskjæringen har vi lagt inn ny undergang for bilar og for gåande og syklande, seier Mæle.

Kommunen har signalisert at planen truleg kjem opp i kommuneplanutvalet (KPU) 6. juni og i kommunestyret 20. juni.