Bergen stasjon. Foto: Njål Svingheim/Jernbaneverket

Utfordrande rehabiliteringsjobb på Bergen stasjon

I fleire månader framover vil Bergen stasjon framstå som ein byggjeplass. Denne gongen er det dei store stålbogane i toghallen som skal pussast opp.

Bergen stasjon er typisk for store jernbanestasjonar fram til første verdskrigen, med hovudbygning i stein og toghall med taktekking av glas og skiferheller som kviler på bogeforma stålspenn. Østbane- og Vestbanehallen i Oslo, og Trondheims første stasjon, var sekkestasjonar bygde etter same mønster, men av desse er det berre Bergen stasjon som framleis har sin opprinnelege funksjon, skriv Jernbaneverket på sine nettsider.

Medan rehabiliteringsarbeidet pågår, skal trafikken gå mest mogeleg uhindra, men passasjerar og tilsette på stasjonen vil merka aktiviteten. Sjølve fagverksbogane, fagverksdragarane og sekunderberinga for skifer- og glastak skal sandblåsast og målast. For å skilja arbeidet frå publikum er det foreslått ei heildekkjande arbeidsplattform på stillas, ca. 7,5 m over plattforma. Skiferhellene og glasplatene må demonterast for å få utført jobben. Sandblåsinga krev at arbeidsplattforma blir støvtett, og støydemping blir vurdert.

Den ytre delen, utanfor betongbogen, har første prioritet. Prisen avgjer om den indre delen, i ventehallen, kan inngå i oppdraget.

Parallelt med dette driv ROM Eiendom med opprusting av fasadar, vindauge og dørar innafor betongbogen, noko som medfører stillasbygging også der.