Christie & Opsahl AS er hovedentreprenør for kaiprosjektet på Stranda, og Hallingdal Bergboring AS/Kynningsrud Fundamentering AS har utført borejobben. Foto: Statens vegvesen.

Utfordrande kaifundamentering

Byggebransjen vil få verdifull erfaring frå Stranda ferjekai, som har nytta ein lite utbredt fundamenteringsmetode.

Statens vegvesen bygger ny og større ferjekai på Stranda, og sidan grunnforholda er utfordrande har entreprenøren bora med grove stålrørspelar. Grove stålrørspelar er store pelar (dimensjon på ø813x16mm). Dei 20 pelane på Stranda er 25-40 meter lange. Arbeidet byrja tidleg i mars og blir fullført denne veka. Christie & Opsahl AS er hovedentreprenør for heile prosjektet, og Hallingdal Bergboring AS/Kynningsrud Fundamentering AS har utført borejobben, skriver Statens vegvesen på sine nettsider.

Foto: Statens vegvesen.

Verdifull erfaring frå Stranda

Boring med grove stålrørspelar frå lekter har tidlegare ikkje vore særleg utbredt i Noreg, men etter kvart som utstyr har blitt tilgjengeleg i marknaden har entreprenørane fått erfaringar med metoden.

- Hittil er dei fleste prosjekta utført i områder med blaute og sensitive løsmassar frå land. Bransjen har lite erfaring frå storsteinsfylling, og nesten ingen erfaring frå lekter. Erfaringane frå Stranda ferjekai vil derfor vere verdifull for vidare bruk av metoden, seier prosjektleiar Marianne Nærø.

Meir sikkert og mindre støy
Tidlegare grunnundersøkingar viser at den eksisterande fyllinga på Stranda består av store steinar. Fyllinga har også ein bratt avslutning og ein usystematisk steinplassering. Djupna til sjøbotn varierer frå 5 meter innerst til 25 meters for dei yttarste pelane. Det er 5-10 meter frå sjøbotn til fjell, og alle dei 20 pelane blei bora 2,5 meter inn i fjellet, skriver Statens vegvesen.

- Denne metoden blei vald fordi vi forventa at fyllinga var følsam for ristingar. Det var også stor usikkerheit til steinstørrelsen i fyllmassane. Den vanlege metoden med ramming av pelar var derfor ikkje sikker nok. Boring av pelar på den andre sida gir minimalt med ristingar, er mindre støyande og reduserer usikkerheiten ved gjennomføringa betrakteleg, seier Nærø.

Slik blei metoden utført
Det blei nytta eit sentrisk borsystem beståande av ein pilotkrone og ei ringborkrone (engangskrone) som blei sveisa på botn av stålrøret. Pilotkrona drog med seg ringborkrona og det blei bora eit fullprofilhull direkte gjennom løsmassar og inn i berget, forklarer Statens vegvesen.