Tilskot til utjamning av nettleiga

- Eg meiner det ville vere uheldig ikkje å løyve midlar til utjamningsordninga for nettleiga. Ordninga er viktig i distriktspolitikken og gir lågare nettleige der overføringskostnadene er høgast.

Regjeringas forslag er i samsvar med Soria Moria-erklæringa der regjeringa går inn for at nettleiga for straum skal utjamnast for heile landet. Regjeringa har derfor foreslått å løyve 30 millionar kroner til utjamningsordninga for 2006, seier olje- og energiminister Odd Roger Enoksen. Statlege tilskot til utjamning av nettleiga reduserer skilnadene i nettleiga som følgje av naturgitte forhold og høge overføringskostnader. Utjamningsordninga gir ein direkte reduksjon av nettleiga for sluttbrukarar i distribusjonsnettet i dei områda av landet som har dei høgaste kostnadene knytt til kraftoverføring. Ordninga er utforma slik at ho ikkje fjernar nettselskapa sine insentiv til å drive nettet effektivt og halde låge driftskostnader.