Anleggsleiar Einar Tvinnereim, og anleggsdirektør Bjørn Velken i Kruse Smith, saman med seksjonssjef Margot Åsebø og prosjektleiar Erling Varlid i Statens vegvesen. Foto: Statens vegvesen

Signerte kontrakt med Kruse Smith på fv. 60 i Olden

Entreprenørfirmaet Kruse Smith skal bygge siste parsell på fv. 60 mellom Innvik og Olden. Arbeidet startar rett over påske.

Kruse Smith var 202 millionar kroner lågast då tilboda vart opna for ein månad sidan.  

Denne veka er Statens vegvesen og entreprenørfirmaet, som har hovudkontor i Kristiansand, i samhandlingsmøte i Loen. Dette markerar oppstart på eit prosjekt som skal gå fram til sommaren 2018.

Innan den tida skal ei strekning på om lag fem kilometer på fv. 60 mellom Ugla og Skarstein i Stryn kommune vere utbetra.

I vest skal det byggast ein tunnel på1170 meter forbi Vangberghammaren. Vidare mot Olden går vegen langs eksisterande trase, med enkelte justeringar av veglinja.

Arbeidet vil starte med påhogg og tunneldriving ved Ugla, i retning Innvik. Her vart forskjæringa i fjellet teke inn som ein del av førre strekning, prosjektet fv. 60 Agjeldtunnelen, men massane ligg att. Samstundes vil entreprenøren også starte arbeidet på forskjæringa i aust, i retning Olden.