Sakshandsamar - forvaltning av vegar og trafikktrygging

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedFørde
Søknadsfrist30.09.2015

I Vegavdeling Sogn og Fjordane er det ledig stillinga på Plan- og forvaltningsseksjonen med kontorstad i Førde. Vi jobbar med arealplanar og forvaltningssaker langs riks- og fylkesvegane td. avkøyrsler, byggjegrenser og skilthandsaming. Trafikktrygging og trafikktryggingstiltak er også viktige arbeidsoppgåver for oss.

Likar du å jobbe i eit aktivt miljø der samarbeid er viktig? Er du omgjengeleg og har godt humør? Likar du utfordringar og ha mange ballar i lufta? Då er gjerne dette ein aktuell jobb for deg.

Arbeidsoppgåver:

  • Trafikktrygging for Statens Vegvesen og i samarbeid med kommunane
  • Forvaltning av vegnettet (avkøyrsle/ leidningar og dispensasjon frå byggegrense)
  • Andre oppgåver innafor seksjonen sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år
  • Ynskjeleg med kunnskapar frå ei eller fleire av dei aktuelle arbeidsoppgåvene
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort for personbil

Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.

Vi vil leggje særs vekt på dine personlege eigenskaper og haldningar og ynskjer ein kollega som har:

  • Evne til å ta initiativ, jobbe sjølvstendig og strukturert
  • God samarbeidsevne og evne til å skape gode resultat saman med andre
  • At kompetansen til søkar høver inn i den samla kompetanse på seksjonen

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Kontaktperson: Meir utfyllande informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte seksjonsleiar Vigdis Lobenz tlf. 57 72 40 54 / 975 17 380 eller vigdis.lobenz@vegvesen.no.

Søknad:

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Dersom dette høyrast spanande ut, søkjer du stillinga via vår jobbportal: www.vegvesen.no/jobb.

Vis flere stillinger: