Rekordhøg mai-import av straum

Låg produksjon og relativt normalt forbruk av straum i mai førte til ein rekordhøg nettoimport for denne månaden. Vi nettoimporterte 1 555 GWh straum, til ein verdi av 362 millionar kroner, melder SSB.

Det blei i mai importert 1 663 GWh og eksportert 108 GWh straum. Som tidlegare i år var kraftflyten størst frå Sverige. Importen frå Sverige i denne månaden var 1 103 GWh. Hittil i år har produksjonen vore 44 446 GWh, noko som er ein nedgang på 20,8 prosent frå tilsvarande periode i fjor. Produksjonen, som i mai var 7 284 GWh, er 17 prosent under gjennomsnittet for mai dei siste 10 åra. Den store nedgangen i produksjonen frå same månaden i fjor kan ses i samanheng med låg magasinfylling og ingen fare for overløp utover mot hausten. Fyllingsgraden for heile landet var ved utgangen av mai 28,2 prosent av total magasinkapasitet. Medianen for uke 22 i perioden 1990-2000 er 46,4 prosent. Tilsiget i dei fire vekene i mai, frå uke 19 til uke 22, var 19 TWh som også er gjennomsnittet for dei siste 13 åra. I inneverande veke (veke 28) er fyllingsgraden 59,1 prosent av total magasinkapasitet. Økt vindkraftproduksjon Vindkraftproduksjonen har auka kraftig i år. Auke i vindkraftproduksjonen kjem av utbygging av ny kapasitet. I fjor haust blei to store nye vindparkar sette i drift. Hittil i år har produksjonen vore 99 GWh, mot 19 GWh i same periode i fjor. Lågare forbruk i kraftintensiv industri Brutto totalforbruk var i mai 8 839 GWh som er 2 prosent lågare enn gjennomsnittet dei siste 5 åra og 0,5 prosent lågare enn mai i fjor. Alminneleg forbruk auka med 1 prosent i samanlikna med mai i fjor, mens forbruket i kraftintensiv industri gjekk ned med 4,3 prosent.