RAMS- og kvalitetsrådgiver

Multiconsult er et norsk kraftsenter med internasjonalt nedslagsfelt innen prosjektering og rådgivning. Gjennom flere kontorer i Norge og internasjonalt benytter vi 100 års erfaring til å skape ny historie. For oss handler muliggjøring om erfaring, rett kompetanse og riktig kompetansesammensetning blant våre nærmere 3000 medarbeidere.

Multiconsult er notert på Oslo Børs og opererer innenfor følgende syv forretningsområder: Bygg & Eiendom, Industri, Olje & Gass, Samferdsel, Fornybar Energi, Vann & Miljø og By & Samfunn.

FirmaMulticonsult
FylkeVestland
StedVoss, Bergen
Søknadsfrist12.05.2023

Multiconsult sine oppdrag er i vekst, og vi søkjer no ein rådgjevar innan RAMS og kvalitet til baneseksjonen vår i Vest.

På baneseksjonen jobbar vi med samferdselsprosjekt lokalt og regionalt, og samarbeider tett med andre seksjonar i Multiconsult. Multiconsult har eit fagmiljø innan sikkerheit og RAMS med ca. 50 medarbeidarar. Arbeidsstad vil vere Voss eller Bergen, der vi har eit tverrfagleg miljø med dyktige og engasjerte tilsette. Både nyutdanna og erfarne oppfordrast til å søke.

Som RAMS-rådgivar hjå oss får du ansvar for å:

  • Følgje opp RAMS-prosessen i prosjekt
  • Lede RAMS-analyser
  • Kartlegge, vurdere og følgje opp risiko som påverkar sikkerheit (S – safety), pålitelegheit (R-reliability), tilgjengelegheit (A – availability) og vedlikeholdbarheit (M – maintainability) i baneprosjekt
  • Bidra til tekniske løysningar som oppfyller myndigheitskrav og regelverk
  • Vere premissgivar i diskusjonar for å skape dei beste løysningane for våre kundar, deriblant Bane NOR, Sporveien og Bybanen.

Vi søkjer deg som oppfyller nokre av desse kriteria:

  • Relevant høgare utdanning. Relevant erfaring kan vege opp for lågare utdanningsnivå
  • Glad i å jobbe i team, men har evne til å arbeide sjølvstendig
  • God forståing for kvalitetsstyring i prosjekt
  • Erfaring frå bransjen, gjerne innan sikkerheitsfaget eller kvalitetsstyring
  • Trivast som rådgjevar og prosessleiar/møteleiar
  • Ynskje om å støtte og bidra med berekraftige løysningar
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk
  • Initiativrik, og evne til å sjå nye marknadsmoglegheiter

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktige betingingar, samt aksjespareprogram
  • Fem vekers ferie, samt fri i romjul og påske
  • Kontorplass i moderne og trivelege lokalar på Voss eller i Bergen, med moglegheit for opptil to dagar i veka på heimekontor
  • God balanse mellom arbeid og fritid
  • Spanande og langsiktige karrieremoglegheiter i eit etablert og solid selskap
  • Personleg og fagleg utvikling i spanande oppdrag og deltaking i landsdekkande kompetansenettverk/faggrupper
  • Eit arbeidsmiljø med aktive bedriftsidrettslag, bedriftshytter og mange sosiale arrangement både lokalt og saman med ansette andre stader i Noreg.

Er dette jobben for deg? Ikkje nøl med å sende inn ein søknad, og ring gjerne om du har spørsmål. Vi behandlar søknadar fortløpande, og gler oss til å høyre frå deg!

Kontaktperson:

Espen Vatle Berntzen

Seksjonsleder Bane

+47 99323933

Søk stilling

Vis flere stillinger: