Rådgjevar VA-teknikk

Multiconsult er et norsk kraftsenter med internasjonalt nedslagsfelt innen prosjektering og rådgivning. Gjennom flere kontorer i Norge og internasjonalt benytter vi 100 års erfaring til å skape ny historie. For oss handler muliggjøring om erfaring, rett kompetanse og riktig kompetansesammensetning blant våre nærmere 3000 medarbeidere.

Multiconsult er notert på Oslo Børs og opererer innenfor følgende syv forretningsområder: Bygg & eiendom, Industri, Olje & gass, Samferdsel, Fornybar Energi, Vann & Miljø og By & samfunn.

Firma Multiconsult
FylkeHordaland
Søknadsfrist06.01.2019

I forretningseining Vest har vi eit innovativt arbeidmiljø med ca 300 medarbeidarar. Til saman representerer vi dei fleste fagmiljø, og jobbar både einfagleg og fleirfagleg. Regionkontoret ligg i Bergen, medan Multiconsult si avdeling på Stord er lokalisert sentralt i Leirvik, med nye og moderne kontorlokale i Kunnskapshuset. Avdeling Stord har om lag 50 medarbeidarar med fagmiljø fordelt på seksjonane Samferdsel og Infrastruktur, Bygg og Industri og Akva. Seksjon Samferdsel og Infrastruktur utgjer åtte medarbeidarar innafor fagområda arealplan, SØK, veg og VA.

Vi ønskjer å styrke VA-faget, og søkjer primært ein erfaren medarbeidar som kan bidra til å vidareutvikle eit spennande og viktig fagfelt for oss. Multiconsult avdeling Stord har rammeavtale for VA-teknikk med Stord kommune, ein avtale som gir god tilgang på oppdragsmengde. Vi samarbeidar også med regionkontoret i Bergen, samt andre kontor i Multiconsult.

Arbeidsoppgåver

  •   Prosjektering innafor fagfeltet VA-teknikk, mellom anna:

- Kommunal VA
- Overvasshandtering
- VA i byggeprosjekt
- Drens- og leidningsplanar i samferdselsprosjekt
- Renseteknikk

  • Følgje opp leveransar og framdrift
  • Kommunikasjon, både internt og mot kunde

Kvalifikasjoner

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet
  • Interesse for faget
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på norsk
  • Søkjarar med minimum 3-5 års erfaring er føretrekt, men nyutdanna kan og søkje

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Utadvendt
  • God gjennomføringsevne
  • Sjølvstendig, initiativrik og fagleg engasjert
  • Ansvarsbevisst og fokusert på gode leveransar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for utvikling
  • Ei ekspansiv bedrift kjenneteikna av eit sterkt merkenamn og eit multifagleg miljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Moderne lokale sentralt på Leirvik, Stord
  • Fem veker ferie, fri i romjula og i påska, og fleksibel arbeidstid
  • Ei rekke personalgode som firmaturer og firmahytter
  • Ein arbeidsgivar som er oppteken av ein sunn balanse mellom jobb og fritid

For ytterlegare informasjon om stillinga, ver venleg å ta kontakt med seksjonsleiar Svein Andersland på e-post svein.andersland@multiconsult.no eller telefon 913 99 524.

Søk stilling

Vis flere stillinger: