Prosjektleiar

K.A. Aurstad AS er eit maskinentreprenørfirma som byggjer infrastruktur, t.d. vegar og tunnelar, kraftanlegg, flyplassar og kommunaltekniske anlegg. Selskapet vart etablert i 1985 og har om lag 200 tilsette. Marknadsområdet vårt er i dag Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Oppland, Hordaland, Sør-Trøndelag og Nordland.

FirmaK. A. Aurstad
FylkeMøre og Romsdal
StedHovdebygda
Søknadsfrist23.02.2018

Vi er i stadig utvikling og treng fleire dyktige medarbeidarar til å utføre våre oppdrag og søker difor etter prosjektleiar.

Arbeidsoppgåver prosjektleiar:

Totalansvar for prosjektgjennomføring:

  • Ansvar for planlegging/organisering, drift, bemanning og underentreprenørar
  • Ansvar for HMS og kvalitet
  • Ansvar for kontraktsoppfølging og avvikshandtering
  • Ansvar for innkjøp og oppfølging av leveransar
  • Ansvar for økonomi og rapportering
  • Delta i anbods- og tilbodsprosessar ved behov

Vi ser etter deg som har/er :

  • Ingeniør / sivilingeniør / teknisk fagskule, eventuelt prosjektleiar med lang, dokumentert erfaring innan bygg- og anleggsbransjen
  • Kommersiell/forretningsmessig forståelse
  • Gode IT-kunnskapar
  • Gode ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg
  • Fokus på kvalitet, HMS og økonomi
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Lag- og relasjonsbyggar
  • Påliteleg, ansvarsbevisst og nøyaktig
  • Initiativrik og handlekraftig
  • Analytisk og resultatorientert

Vi tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø
  • Innovativ arbeidsplass, får vere med på å skape, korte beslutningsvegar
  • Særs konkurransedyktige løns- og pensjonsordningar
  • AFP-bedrift

Vil du vere med på laget? Hugs å registrere søknad og CV i cv-databasen vår på nettsida, http://www.aurstad.no/cv/

Søknadsfrist: 23. februar 2018

Dersom du har spørsmål, ta kontakt med personalsjef Jan Reite, tlf. 958 34 300.

Vis flere stillinger: