Prosjektleiar og Byggjeleiar for investeringsprosjekt - Vegseksjon Voss og Hardanger

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

FirmaStatens vegvesen
FylkeHordaland
StedVoss
Søknadsfrist05.08.2018

I Statens vegvesen Region vest er det ledig ei stilling som prosjektleiar og og ei stilling som byggjeleiar for investeringsprosjekt. Stillingane inngår i den regionale byggherrepoolen, men er f.t knytt til vegseksjon Voss og Hardanger. Kontorstaden kan vera Voss eller Odda. Det må påreknast utestasjonering på aktulle prosjekt ved behov.

Dei ledige stillingane vil ha ansvaret for større og mindre tiltak i området. I Kvinnherad er det fleire ulike tiltak som kjem til utføring i nær framtid, og som vil bli ein del av portefølgen.

Om seksjonen
Vi har eit godt og utfordrande arbeidsmiljø, som vi får til saman med andre både på Voss og i Odda. Du vil bli med i ein gjeng som har fagleg og profesjonell styrke, stor takhøgde, godt humør og som dagleg går til ein trivleg arbeidsplass !

Prosjektleiar - Arbeidsoppgåver

Vi søkjer ein prosjektleiar som kan vere motiverande og fagleg leiande for byggjeleiarar, kontrollingeniørar og byggherrestøtter på prosjekta. Vi ser og etter ein person som er sjølvstendig, initiativrik og resultatorientert.

Arbeidsoppgåver

  • Etablering og aktiv deltaking i plan- og prosjekteringsgrupper for best muleg tilrettelegging av prosjekt
  • Få utarbeida dei styrande dokumenta som eit godt og tenleg verktøy for alle medarbeidarar og partar i prosjekta
  • Du vil ha det overordna ansvaret for rapportering innan HMS-framdrift-økonomi- og kvalitet.
  • Motivere og sjølv vera aktiv for å nytte modellbasert prosjektering og gjennomføring av prosjekta
  • Sørge for å opprette, og vedlikehalde, god dialog med naboar og samarbeidspartane i prosjekta
  • Styre innleigde konsulentar og eigne ressursar ved utarbeiding av byggeplanar-konkurransegrunnlag og sluttrapportering av prosjekta

Kvalifikasjonskrav og bakgrunn:

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år.

Norsk er arbeidsspråket i Statens vegvesen. Du må kunne ordleggje deg skriftleg og munnleg på norsk, slik at du kan utføra arbeidsoppgåvene sjølvstendig. Stillinga føreset at du har førarkort klasse B.

Anna kompetanse vi vektlegg:

  • Det er ønskeleg med erfaring og kunskap om prosjektleiing, og gjerne frå offentleg sektor.
  • Vi ser positivt på erfaring frå samferdselanlegg.
  • At du er kjend med, og gjerne har nytta, modellbasert prosjektering og gjennomføring blir og vektlagd.
  • Du vil bidra til å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Byggjeleiar - Arbeidsoppgåver

Vi søkjer ein byggjeleiar som forstår og kan løyse utfordringane vi har i større og mindre prosjekt og som har god fagleg tyngde frå byggjeleiing. Du får det tekniske og økonomiske ansvaret for gjennomføringa og evalueringa av ulike entrepriseformer.

Arbeidsoppgåver

  • Utarbeide konkurransegrunnlag og gjennomføre konkurransen
  • Oppfølging av kontrakter og sikre rett kvalitet og HMS-fokus
  • Gjennomføre prosjekta i tråd med dei krav som er sett til økonomi og framdrift
  • Leia teamet av kontrolling og byggherrestøtte
  • Delta i prosjektgruppa og levere i tråd med felles gruppeoppgåver

Oppgåvene er elles omtala i Statens vegvesen si HB R760 Styring av utbyggings-drift og vedlikehaldsprosjekt

Kvalifikasjonskrav og bakgrunn

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min 3 år. Stillinga førset at du har førarkort kl B. Du må og kunne uttrykke deg godt både skriftleg og munnleg, og kunne syne til gode samarbeidsevne.

God fagleg tyngde frå byggjeleiing er ein føresetnad, men det er like viktig at du kan handtere både grunneigarar, konsulentar og entreprenørar på ein god måte.

Anna kompetanse vi vektlegg:

  • det er ønskeleg med røynsle frå betongkontruksjonar -og /eller driving av nye tunnelar
  • at du har fokus på og forstår kor viktig godt HMS arbeid er
  • at du er kvalitetsbevist og god på dukumentasjon av tiltaka er og viktige eigenskapar
  • du er kjend med, og gjerne har nytta, modellbasert prosjektering og gjennomføring
  • du må gjerne ha vore byggjeleiar på bygg- eller anleggsprosjekt før, eller du har erfaring frå anna offentlege prosjekt
  • er resultatorientert og tek initiativ til gjennomføring
  • har evne til å arbeida sjølvstendig
  • at du er fleksibel og er ein lagspelar

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

For begge stillingane gjeld følgande:

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode muligheiter for fagleg påfyll
  • bedriftshytter/bedriftsidrettslag

Løn avtalast nærare i samsvar med vår lønnspolitikk.

Søknad

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Oppgi i søknaden kva stilling du søkjer!

Kontaktperson

Nærmare opplysningar om stillingane kan du få ved å kontakte seksjonsleiar Lars Øyre på mobil: 908 25 865.

Søk stilling

Vis flere stillinger: