Firma | Norconsult |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Sted | Førde |
Søknadsfrist | 15.12.2016 |
Norconsult i Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal og Årdal. Norconsult sine kontor i Sogn og Fjordane har meir en 40 medarbeidarar og er eit tverrfagleg miljø som tilbyr rådgjeving og prosjekteringstenester innan de fleste fag og marknadsområde. Av desse arbeider fleire fulltid med prosjektadministrasjon, og fleire utfører prosjektadministrative tenester som del av sine oppdrag.
Vi har for tida stor oppdragsmengde og søkjer prosjekt- og prosjekteringsleiar som kan leie våre tverrfaglege oppdrag, i tillegg til å bistå dei offentlege og private kundane våre som deira prosjektleiar. Rolla kan tilpassast kvalifikasjonar, og byggjeleiarar oppfordrast også til å søkje. Vi kan tilby utfordrande oppgåver som gir gode karrieremoglegheiter.
Vi ønskjer primært tilsetting ved Førde-kontoret vårt, men andre kontorstadar i Sogn og Fjordane kan vere aktuelle.
Arbeidsoppgåver:
- Prosjekt- og prosjekteringsleiing
- Leie tverrfaglege oppdrag i Norconsult
- Rådgiving og anskaffingar for private og offentlege byggherrar
- Marknadsføring, sal og tilbodsarbeid
- Byggjeleiing
- Arbeidsoppgåvene kan tilpassast interesser og kvalifikasjonar.
Ønska kvalifikasjonar
- Sivilingeniør/ ingeniør med minimum 5 års erfaring innan prosjekt- og prosjekteringsleiing
- Erfaring frå rådgjevar- og/eller entreprenørverksemd
- Erfaring i bruk av tradisjonelle dataverktøy
- God formuleringsevne munnleg og skriftleg på norsk
- Kreativ og løysningsfokusert
- Lokal marknadskontakt
Vi tilbyr:
- Gode løns- og arbeidsvilkår og eigarskap i eiga bedrift
- Sterke og breie fagmiljø. Store faglege utfordringar der du har mogelegheit til å kunne utvikle deg vidare i spennande prosjekt saman med dyktige medarbeidarar
- Godt arbeidsmiljø og et godt sosialt miljø
- Spennande karriere moglegheiter innan fag og leiing
- Miljøbevisst samfunnsplanlegging
- Fokus på kompetanse- og personalutvikling
- Studieturar, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mm.
Innsending av søknad
Søknad med CV, vitnemål og attestar sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.
Kontaktperson
Lars-Idar Vegsund
Avdelingsleder Førde
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Norconsult, Førde
- Fylke Sogn og Fjordane