Byggjeleiar Terje Gundersen (t.v.) og prosjekteringsansvarleg Jan Olav Jellestad i samtale med byggjeleiar Gunnar Ringheim i Statens vegvesen under synfaring i brutårnet på Hardangerbrua. Foto: Geir Brekke

Ny elektro-start på Hardangerbrua etter konkurs

Det er klart for fullføring avelektroarbeidet på Hardangerbrua, etter at den danske entreprenøren KB Elektrotech gjekk konkurs i oktober 2013.

Statens vegvesen har vore i dialog med konkursbuet i Danmark, og gjort avtale om at dei stiller med fagfolk som er godt kjent med anlegget på prosjektet. Det er lite arbeid som står att. Det er likevel ein jobb som må avsluttast no. Buet har opplyst at dei vil fullføra oppdraget i april 2014, melder vegvesen.no.

Det har vore synfaring på Hardangerbrua med representantar for konkursbuet. Mellom oppgåvene som står att er elektroanlegget i spreiekamra, som må på plass før bruentreprenøren kan fullføra oppgåver her. Det står også att arbeid inne i brutårna, samt i tavlerom i tunnelane som fører fram mot hovudspennet. Det har vore pause i elektroarbeidet sidan Hardangerbrua blei opna i august. Noko var planlagt, men frå oktober var det konkursen som førte til utsetting på siste rest av arbeidet. Etter konkursen har det pågått drøftingar mellom buet og Statens vegvesen.

Ingen av oppgåvene som står att av elektroarbeidet vil påverka trafikken over Hardangerbrua.