Nordøyvegen får 60,5 millionar kroner årleg når vegen opnar

 - Vi har no avgjort at Nordøyvegen i Møre og Romsdal er omfatta av ferjeavløysingsordninga, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

- Det betyr at Møre og Romsdal vil få pengar frå staten fordi ferjesambanda vertlagt ned når prosjektet opnar. Den nye vegen vil lette kvardagen til innbyggjarane på øyane. Prosjektet knyter saman heile den nye storkommunen Ålesund, seier samferdselsministeren i ei pressemelding.

Samferdselsdepartementet skriv i meldinga at det har teke avgjersla om at prosjektet er omfatta av ferjeavløysingsordninga. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har fastsett summen på utbetalinga. 

- Denne arbeidsdelinga er i tråd med retningslinene for den fylkeskommunale ferjeavløysingsordninga.

- Dersom alt går etter planen, opnar vegen i 2022. Det betyr at prosjektet får 60,5 millionar kroner i året frå staten frå 2023. Dette er meir pengar enn det fylkeskommunen har vorte stilt i utsikt tidlegare. Desse pengane skal gå til fylkeskommunen for å delfinansiere prosjektet. Dette styrkjer distrikts-Noreg, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup i meldinga.

Nordøyvegen er eit prosjekt som bind saman fem øyar nord for Ålesund i Møre og Romsdal. Tre tunnelar og eitt brusamband skal byggjast. Prosjektet blei vedtatt av Møre og Romsdal fylkesting i 2018, og arbeidet starta opp i 2019.

Øyane låg tidlegare i Haram og Sandøy kommunar, men desse kommunane vart ein del av Ålesund kommune frå 1. januar 2020. Når vegen er ferdig, har øyane fastlandsamband med resten av kommunen.

Fylkeskommunen får utbetalt ferjeavløysingsmidlar for nominelle byggjekostnadar, minus bompengar og meirverdikompensasjon pluss 50 prosent av berekna rentekostnader. Midlane vert prisomrekna i utbetalingsperioden. Med dagens rentenivå vil utbetalingsperioden vere 42 år.

Det er Skanska som stå for utbygginga av prosjektet.