Norconsult Sogndal søkjer erfaren sivilingeniør/ingeniør bygg/konstruksjonsteknikk


Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eigd av våre over 4600 tilsette som er stasjonert på 118 kontor i heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

Firma Norconsult
FylkeVestland
StedSogndal
Søknadsfrist31.05.2021

Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Sogndal, Årdal, Førde, Sandane og på Nordfjordeid med over 60 medarbeidarar totalt. Vi utfører tjenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Bygg-/konstruksjonsteknikkgruppa utgjer det største fagmiljøet vårt med i alt 15 medarbeidarar. Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei og tverrfagleg kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Vi har for tida stor oppdragsmengde og søkjer sivilingeniør/ingeniør med innan bygg og konstruksjonsteknikk. Det er ønskjeleg at du har erfaring frå rådgjevar- og/eller entreprenørverksemd.

Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt kompetansemiljø. Oppdraga spenner frå utviklingsfasar via skisse- og forprosjekt til detaljprosjektering og FDV-dokumentasjon. Spennande oppgåver ligg framfor oss, særleg knytt store oppdrag som prosjektering av nye Førde sentralsjukehus.

Vi ønskjer primært tilsetting ved Sogndal-kontoret vårt, men andre kontorstader kan vere aktuelle.

Er du vår nye medarbeidar?

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Planlegging og prosjektering av konstruksjonar innan bygg og anlegg
  • Analysar, dimensjonering, modellering med varierte arbeidsoppgåver i ulike fasar av prosjekt
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag
  • Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
  • Tverrfagleg koordinering
  • Oppdragsleiing og oppfølging på byggeplass
  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid
  • Arbeidsoppgåvene kan tilpassast interesser og kvalifikasjonar

For oss er det viktig at du:

  • Har eit fagleg engasjement
  • Har gode evner og interesse innan statikk og konstruksjonsfag
  • Har erfaring med verktøy for analysar og dimensjonering
  • Har erfaring med 3D-modellering og BIM
  • Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Har gode samarbeidsevner
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk

Hjå oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv.

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Send søknad

Kontaktpersoner

Arne Moen

Avdelingsleder Kontor

Tlf. +47 91 69 94 82 Send e-post

Lars-Idar Vegsund

Avdelingsleder Kontor

Tlf. +47 45 40 46 86 Send e-post

Vis flere stillinger: