Det vil pågå utvida anleggsarbeid langs dei to felta på E39 sør for Skogafjellstunnelen (i bakgrunnen) gjennom 2019. Difor vil dagens køyremønster her halde fram første delen av året. Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen

Mykje skal gjerast ved Svegatjørn i 2019

Den nye E39 forbi Svegatjørn vil bli nesten ferdig i 2019. Då vil det berre stå att siste asfaltlaget og grøntareal.

Men det står framleis att fleire års arbeid med tunnelane og øvrig veganlegg på E39 Svegatjørn–Rådal.

Meir tunnelsprenging
Drivinga av Lyshorntunnelen held fram i 2019 mot Rådal. Deretter er det eit omfattande innreiingsarbeid som skal fullførast. Det skal mellom anna byggast opp vegbane, monterast veggelementer og byggast tekniske rom. Elektroarbeidet vil og ta til frå neste år, i første omgang i Skogafjellstunnelen.

Målsettinga er stadig at E39 Svegatjørn–Rådal skal opnast sommaren 2022.

Via Ulvenvegen også i delar av 2019
Lengst sør i prosjektet var opninga av den nye fv. 160 Ulvenvegen ein viktig milepel i 2018. Ikkje minst for god avvikling av E39-trafikken, som ga rom for byggearbeid langs arealet ved E39, melder vegvesen.no.

Rett sør for dei to tunnelportalane ved Svegatjørn skal mykje arbeid utførast i 2019. Det betyr at dagens omlegging via Ulvenvegen vil halde fram vidare i delar av 2019. Trafikkaviklinga her har gått bra.

Av omsyn til tryggleiken til mannskapa og trafikantane er det best at ein held fram med dagens omkøyring.

Reaksjonar har i perioden kome frå tungttrafikantar, som måtte gå ned i fart over humpane.

- Statens vegvesen takkar trafikantane for tolsemd ved passering gjennom anleggsområdet, og vonar at ei forlenging av omkøyringa via Ulvenvegen ikkje skapar vanskar. Det må bereknast noko ekstra tid på dagar med høg trafikk i båe retningar mellom Tøsdal og Halhjem, melder Statens vegvesen.