Ill. Statens vegvesen
Ill. Statens vegvesen

Må ha meir pengar til Askøypakken

Samferdselsdepartementet la fredag fram forslag om å endre finansieringa av Askøypakken i Askøy kommune.

– Det vil ikkje vere rom for alle tiltaka i pakken innanfor den opphavlege økonomiske ramma. Kommunen og Vestland fylkeskommune ønskjer difor å auke bompengebidraget gjennom å setje opp ein ny bomstasjon og gjere innkrevjingstida fem år lengre, heiter det i ei melding frå Samferdselsdempartementet.

– Med dette framlegget legg vi opp til at alle prosjekta i Askøypakken kjem på plass. Men framover må dei lokale styresmaktene følgje retningslinjene for bompengefinansierte bypakkar. Dersom kostnadane aukar eller inntektene vert lågare, må dette handterast gjennom porteføljestyring. Då lyt ein kutte i prosjekta. Auka takstar eller forlenga innkrevjingsperiode ut over det som no ligg i forslaget til Stortinget, vil ikkje vere aktuelt, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård, i meldinga.

Askøypakken omfattar ti prosjekt og tiltak i fylkesvegnettet, i tillegg til ei ramme til kollektivtiltak. Bompengeinnkrevjinga starta opp hausten 2014, og skulle opphavleg halde fram til 2028. Stortinget har tidlegare slutta seg til pakken gjennom handsaming av Prop. 197 S (2012–2013).

Fleire av prosjekta har vist seg å vere meir kostnadskrevjande enn det som først vart lagt til grunn.

– Samtidig har trafikken blitt lågare enn forventa, og med auka elbildel har òg gjennomsnittstaksten blitt redusert. Dette har gitt lågare bompengeinntekter, kjem det fram av forslaget som regjeringa la fram for Stortinget i dag, skriv departementet.

For å finansiere alle dei planlagde prosjekta har Askøy kommune og Vestland fylkeskommune gått inn for å revidere finansieringsopplegget med auka bompengebidrag. Dei auka inntektene vil kome gjennom etablering av ein femte bomstasjon så snart som mogleg og utvida innkrevjingstid med fem år frå 2028, slik at innkrevjingsslutt no kjem ved utgangen av 2033.

– Retningslinjene for bompengefinansierte bypakker opnar i utgangspunktet ikkje for å revidere finansieringsopplegget for å dekkje inn kostnadsauke og inntektssvikt. Slike pakkar skal styrast innanfor ei fastsett økonomiske ramme, og manglande finansiering må handterast gjennom kutt i prosjekt. Departementet har likevel valt å leggje avgjerande vekt på at det blei fatta lokale vedtak i saka før dei nye ret­ningslinjene kom, og at desse føringane derfor ikkje skal ha tilbakeverkande kraft, heiter det i meldinga.

Finansieringa av Askøypakken for perioden 2014–2028 var basert på fylkeskommunale midlar og bompengar innanfor ei økonomisk ramme på totalt 1.330 millionar 2013-krober. Av dette var bompengebidraget føresett å utgjere 1.120 millionar kroner.

Det er til saman nytta 990 millionar 2022-krober til investeringar ved utgangen av 2021. Fylkeskommunen har bidratt med 338 millionar kroner inkludert kompensasjon for meirverdiavgift og bompengebidraget er til no 652 millionar kroner.

Det står att 1.013 milionar 2022-kroner, der 805 millionar korner er bompengebidrag og 208 millionar kroner er fylkeskommunale midlar inkudert mva-kompensasjon. Av desse er 85 millionar kroner reine fylkeskommunale midlar.

I det reviderte finansieringsopplegget for Askøypakken er det lagt til grunn etablering av ein ny bomstasjon frå 2023 og forlenging av den samla bompengeinnkrevjinga i fem år til 2033. Det er berekna at det vil gi eit bompengebidrag på 489 millionar kroner. Det er også lagt til grunn ytterlegare om lag 159 millionar kroner i mva-kompensasjon. Saman med midlane som står att frå tidlegare gir dette ei total ramme til vegprosjekt i perioden 2022–2033 på 1.661 millionar 2022-kroner. Av dette utgjer bompengebidraget 1.294 millionar kroner.

Askøypakken – 10 fylkesvegprosjekt
Utbygginga starta opp i 2015.

Fem vegprosjekt er fullførte:
• Fv. 563 Florvåg–Erdal (Fv. 563 Bakarvågen)
• Fv. 5246 Lindhaugen–Slettebrekka
• Fv. 562 Strusshamnkrysset
• Fv. 5254 Skansen (Kleppe)
• Fv. 563 Strømsnes–Hop

To prosjekt er starta opp:
• Fv. 5240 Skiftesvik–Marikoven
• Fv. 562 Lavik–Haugland

Tre prosjekt er ikkje starta opp på grunn av manglande finansiering:
• Fv. 5246 Slettebrekka–Hetlevik
• Fv. 562/5266 Fromeide–Kjerrgarden
• Fv. 5266 Fauskanger sør

Med det reviderte finansieringsopplegget ønskjer lokale styresmakter å fullføre dei fem påbegynte og attståande prosjekta. Det er også sett av ramme til kollektivtiltak på 284 millionar kroner i pakken.