Leiar Driftsservice marknadsområde Oslo - Forsvarsbygg utleie

Forsvarsbygg er eit forvaltningsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsbygg har som målsetjing å skape ei konkurransedyktig verksemd som kan levere etterspurde tenester innan eigedom, bygg og anlegg til marknadsretta prisar. Forsvarsbygg har Forsvaret som sin største og viktigaste kunde, men er ikkje ein del av Forsvaret sin militære organisasjon.

Forsvarsbygg Utleie er Noregs største eigedomsforvaltar. Gjennom vårt unike nettverk og kompetanse sikrar vi leveransar over helie landet. Vår viktigaste oppgåve er å skapa trivsel for våre brukarar og beboarar.

FirmaForsvarsbygg Utleie
FylkeOslo
Søknadsfrist21.01.2013

Forsvarsbygg markednadsområde Oslo skal tilsetje ny leiar for avdeling for Driftsservice.
Avdelinga har i alt 24 tilsette og har eit driftsbudsjett på vel 20 millionar.
Dette er ei utfordrande og spanande stilling der du vil få gode mogeligheiter til å utvikle deg som leiar - fagleg og personleg.

Marknadsområdet har det lokale ansvaret for utleige- og driftsresultatet for eigedomane/det geografiske området det er tildelt, med fokus på å yte service som dekkjer behova til lokale leigetakarar og bebuarar.
Marknadsområda forvaltar, planlegg og utfører utleige- og eigedomstenester etter avtale og i samarbeid med dei landsdekkjande tenestenansvarlege.
Driftsservice har direkte ansvar for driftstenesta innan marknadsområdet og for at den blir utført innanfor dei fastsette rammene, målsetjingane, lovene og reglane.

Stillinga er lokalisert sentralt i Oslo sentrum.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som gjennom den personlege og faglege kompetansen sin kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb



Arbeidsoppgåver

  • Ansvarleg for å utarbeide driftsavtalar om utføring av EBA-relaterte driftstenester
  • Ansvarleg for at inngåtte avtalar om eigedomstenester i tilknyting til leigeforholdet blir innfridde. For drift inkluderer dette å:
  • Utføre driftstenester som er dekte gjennom innbetalt forskotsleige etter husleigeavtalen
  • Fakturere og krevje inn betaling for tenester etter driftsavtalen med avtalte beløp og til avtalte fristar
  • Oppfylle dei økonomiske målsetjingane og nykeltala som er fastsette for marknadsområdet
  • Ansvar for at økonomiske og forvaltingsmessige oppgåver og pålegg blir gjennomførte på forskriftsmessig vis, inkludert planlegging og rapportering av HMS og internkontroll for verksemda og dei tilsette i eininga
  • Personal-, budsjett- og resultatansvar for eininga
  • Budsjettere og planleggje gjennomføringa av driftstenester
  • På kort og lang sikt bidra til effektiv lokal drift som oppfyller dei krava som er fastsette i tenesta sine operative, personellmessige og økonomiske målsetjingar
  • Motivere, utvikle og orientere eige personell slik at kvar einskild best mogleg kan meistre sine tildelte oppgåver, utfordringar i arbeidet og framtidige endringar i arbeidssituasjonen og arbeidsforholdet
  • Lage grunnlag for driftsavtalar og kome med innspel/ lage underlag for driftsavtalar for energi, avfall, vatn og avløp
  • Hjelpe kunden med tenester innanfor dei inngåtte driftsavtalane
  • Organisere, planleggje og ta seg av løpande brukarkontakt
  • Halde FDV-applikasjonen à jour, inkludert tingingar, timeføring, serviceordrar, system- og komponentregister Kome med innspel til utvikling og forbetring av applikasjonen
  • Følgje opp gjennomløpskostnader knytte til driftsavtalen
  • Oppfølging av energileiing: fremje tiltak og syte for optimalt driftsnivå
  • Gje innspel til miljødatabasen
  • Ha kunnskap om og kontroll med at inventaret i eigedomane og spesielle objekt
  • blir tekne vare på
  • Ta seg av ansvar og oppgåver som følgjer av ansvarsmatrisen for marknadsområdet
  • Rapportere om økonomisk og verksemdsrelatert status etter mål og krav innan avtalte fristar

 

Vi tilbyr

  • Svært gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Løn som avdelingsleiar (1407)
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid
  • Bedriftshelseteneste
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Gunstige bustadlån i Statens pensjonskasse

 

Utdanningsretning

  • Administrasjon/organisasjon/leiing
  • Økonomi
  • Bygg og anlegg
  • Militære fag / forsvaret

 

Kvalifikasjonar



  • Må kunne tryggleiksklarerast for nivået hemmeleg



Søk stilling:

https://www.webcruiter.no/wcmain/CvJobRespond1.aspx?oppdragsnr=1641078297&company_id=148783765&culture_id=NN-NO

Vis flere stillinger: