Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H). Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H). Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Kommunesektoren får styrkt dei frie inntektene med 2 milliardar kroner i 2022

Regjeringa foreslår at kommunesektoren får ein vekst i frie inntekter på 2 milliardar kroner i 2022.

Av veksten på 2,0 milliardar kroner foreslår regjeringa at 1,6 milliardar går til kommunane, medan 0,4 milliardar går til fylkeskommunane. Veksten er i samsvar med det som blei varsla i kommuneproposisjonen.

100 millionar kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane er grunngjeve med satsing på fleire barnehagelærarar.

− Vi vil styrkje kompetanse i barnehagen, og har ein ambisjon om at halvparten av dei tilsette i barnehagane skal vere barnehagelærarar innan 2025. seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup i en pressemelding.

– Også i 2022 vil det vere behov for ekstra innsats for å inkludere fleire i arbeidslivet, tette kunnskapshol og hjelpe dei som slit. Regjeringa foreslår at 100 millionar kroner av veksten går til tiltak for å styrkje barn og unge si psykiske helse. 75 millionar kroner vert knytt til kommunane og 25 millionar til fylkeskommunanem skriv departemetet.

Ekstraordinære skatteinntekter
Regjeringa talfesta ein auke på 3,2 milliardar kroner i kommunesektoren sine skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett for 2021. Kommunane tek med seg desse inntektene til 2022. Det inneber difor ein varig auke i inntektene.

– Vi anslår at skatteinntektene aukar med ytterlegare 5,9 milliardar kroner i 2021. Desse inntektene er ei eingongsinntekt, som er med med på å styrkje kommuneøkonomien i 2021.

– Det går godt i Kommune-Noreg
– Dei gode driftsresultata i kommunane dei siste åra har ført til at talet på kommunar i ROBEK har gått frå 46 i 2013 til 17 ved inngangen til oktober 2021. Kommunane og fylkeskommunane har samstundes bygd seg opp solide reservar. Ved utgangen av 2020 utgjorde disposisjonsfonda om lag 69 milliardar kroner, mot om lag 30 milliardar kroner ved utgangen av 2013, heiter det i meldinga.

− Regjeringa har heile tida vore oppteken av at kommunane skal ha ein god og føreseieleg økonomi. Gode driftsresultat, få kommunar i ROBEK og at mange kommunar har oppsparte middel syner at det går godt i Kommune-Noreg, seier Astrup.

Fylkesvis oversikt

390 millionar kroner meir i frie inntekter til Agder neste år

330 millionar kroner meir i frie inntekter til Innlandet neste år

392 millionar kroner meir i frie inntekter til Møre og Romsdal neste år

288 millionar kroner meir i frie inntekter til Nordland neste år

639 millionar kroner meir i frie inntekter til Oslo neste år

666 millionar kroner meir i frie inntekter til Rogaland neste år

321 millionar kroner meir i frie inntekter til Troms og Finnmark neste år

550 millionar kroner meir i frie inntekter til Trøndelag neste år

514 millionar kroner meir i frie inntekter til Vestfold og Telemark neste år

791 millionar kroner meir i frie inntekter til Vestland neste år

1 488 millionar kroner meir i frie inntekter til Viken neste år