Ja og nei til kraftutbygging i Halsa

NVE har gjeve Sæther Kraft AS løyve til å auke reguleringa av Langvatnet og til å bygge Storelva kraftverk i Storelvavassdraget, Halsa kommune i Møre og Romsdal. NVE avslår samstundes søknaden om å bygge Langvatnet kraftverk i det same vassdraget.


 

Storelva kraftverk vil gje ein årleg produksjon på om lag 4,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 225 husstandar. Kraftverket vil nytte eit fall på ca. 246 meter over ei strekke på omkring 1700 meter. Røyrgata skal gravast ned.

Langvatnet er i dag regulert med 0,4 meter til vassforsyning. Sæther Kraft AS har fått løyve til å regulere vatnet med ytterlegare 0,5 meter. Av omsyn til det biologiske mangfaldet er det sett krav om ei minstevassføring på 40 liter i sekundet heile året. Kraftstasjonen skal flyttast ovanfor ei lakseførande strekke i Storelva, og det skal i tillegg installerast ein omlaupsventil i kraftverket.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptable i høve til allmenne og private interesser.

NVE har samstundes avslått søknaden om bygging av Langvatnet kraftverk. Det er lagt stor vekt på dei negative verknadene for landskapet då ei etablering av røyrgata ville medført betydelege sår i høgfjellet. Søkar har av økonomiske grunnar ikkje funne fram til avbøtande tiltak som kan realiserast. NVE meinar difor at utbygginga har større ulemper enn fordelar og avslår denne søknaden.