Innkjøpar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Firma Statens vegvesen Region vest
FylkeRogaland, Sogn og Fjordane, Flere fylker, Hordaland
StedLeikanger, Bergen eller Stavanger
Søknadsfrist30.05.2017

I Statens vegvesen Region vest har vi ledig stilling som innkjøpar ved vår Internserviceseksjon.

Seksjonen leverer administrative tenester til alle våre kontorstader i regionen, m.a innan byggforvaltning, resepsjon, innkjøp og forvalting av tenestebilar. Kontorstad for stillinga vil vere anten Leikanger, Bergen eller Stavanger.

Arbeidsoppgåver

Som innkjøpar skal du i samarbeid med dei interne einingane identifisere innkjøpsbehov og innkjøpskriteriar. Du skal gjennomføre anbodskonkurransar, delta i forhandlingar og implementere kontraktar for enkeltkjøp og rammeavtalar. Du skal vidare også vere ei støtte og yte rådgjeving til fagavdelingane i innkjøpsprosessar.

I tillegg vil du få eit særskilt ansvar for kjøp og avhending av regionen sine køyretøy, herunder berekne og administrere utleige av køyretøya.

For å kunne løyse desse oppgåvene vil det vere særs viktig at du har god og dokumentert erfaring innan forhandling og anskaffing, anten får privat eller offentleg sektor. Kunnskap om regelverk knytt til offentleg anskaffelsar vil vere ein fordel.

Kvalifikasjonar

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, gjerne innan økonomi, jus eller andre fagretningar, og min. 3 års erfaring frå arbeid med innkjøp. Dersom du har sterk og allsidig praksis frå fagområda og relevant etterutdanning, kan vi fråvike kravet om høgare utdanning.

Om du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Seksjonen har eit stort ansvarsområde og høgt aktivitetsnivå, og stillinga krev at du har stor arbeidskapasitet og kan løyse oppgåvene dine med sjølvstende, struktur og nøyaktigheit.

Med stort fokus på kontrakt – og budsjettoppfølging krevst det at du har god økonomisk forståing og ein heilheitleg forståing for innkjøpsprosessen.

Du vil ha mykje kontakt med både interne og eksterne samarbeidspartar og det er derfor viktig med gode kommunikasjonseigenskapar, både munnleg og skriftlig, i tillegg til gode IKT kunnskapar. Førarkort kl. B er naudsynt.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt.

Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Jan Otto Tofte
mob: +47 90108897

Wigger Liahagen
mob: +47 911 16 127

Søk her