Høg kraftproduksjon og eksport

Sist veke var det framleis høg norsk kraftproduksjon og eksport som følgje av nær fulle magasin. Om lag ein femtedel av produksjonen i dei siste ti vekene har blitt eksportert til andre nordiske land.

 

Eksporten i veke 34 var 0,6 TWh. Det er den høgaste krafteksporten frå Noreg nokon gong.

I løpet av dei siste ti vekene har produksjonen vore 23,6 TWh, og det er 5 TWh meir enn i same periode i fjor.

Tilsiget til dei norske vassmagasina var noko over normalt i veke 34 og like stort som produksjonen. Fyllingsgraden i magasina var difor uendra på 93,8 prosent frå utgangen av veke 33 til utgangen av veke 34. Fyllingsgraden er no 9,4 prosentpoeng høgare enn normalt. I Sverige minka fyllingsgraden med 0,1 prosentpoeng til 82,5 prosent.

Børsprisen på elektrisk kraft i Sør-Noreg var 3,0 øre/kWh i veke 34. Det er den lågaste prisen i ei veke på over 14 år og 58,5 øre/kWh lågare enn i same veke i fjor. For ein sluttbrukar i Sør-Noreg med ein marknadspriskontrakt og eit påslag på 1,9 øre/kWh var prisen 5,7 øre/kwh inkl. mva. I tilsvarande veke i fjor var prisen 78,8 øre/kWh inkl. mva.