Årets første ferskpotet

Potetbygda Reddal utenfor Grimstad vant konkurransen om å levere årets første poteter til Slottet.

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk har vore i Reddal, Grimstad og prøvd nypotetene av året.

Reddal konkurrerer kvart år med Randaberg i Rogaland om å levere dei første nypotetene til Kongen, og i år vann dei med god margin.

12. mai banka styreleiar i Reddal fellespakkeri, Gurine Seland, på slottsdøra med dei første norske tidlegpotetene. Det var ny rekord for potetbygda Reddal.

- Det er moro å vitje bønder med ei slik stå-på-haldning og som er så fagleg interesserte som potetbøndene i Reddal, sier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk. – Eg er imponert over den måten dei arbeider på, dei er svært dyktige i arbeidet sitt, seier Brekk.

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk fekk både smake årets avling og prøve seg i åkeren.

Dyne over om natta?
Brekk fekk prøve å grave nypoteter på feltet ”Steikepanna”, som ga årets kongepoteter. – Korleis klarar de å få potetene modne så raskt og så tidleg. Har de dyne over om natta? ville Brekk vite.

– Nei, fullt så langt går vi ikkje, svara Trinelise Udjus, som innrømte at det både er snømåking og sverting av snøen med grus med i biletet, pluss dukar og plast av ulike slag. Men alle knepa ville ho ikkje fortelje om, heller ikkje til landbruks-og matministeren.

Reddal mellom Grimstad og Lillesand er kjent som det beste i landet for tidleg produksjon av poteter. Ferskpotetene i Reddal blir hausta 15 minutt frå Reddal Fellespakkeri, som 13 bønder har gått saman om. Potetene blir hausta tidleg om morgonen og blir pakka same dagen. I løpet av natta blir dei transportert til kundar over store delar av landet.

20 millioner kroner
Det blir dyrka tidleg-poteter på om lag 900 mål i Reddal. I fjor vart det hausta 2000 tonn poteter til ein verdi på drøyt 20 millioner kroner. I starten av juni reknar dei med å vere i full gang med ta opp årets ferskpoteter for alvor.