Om lag 200.000 besøkte Matstreif i fjor – håpet er at minst like mange finn vegen til Rådhusplassen og Kontraskjæret i år også.
Innovasjon Noreg arrangerer i år Matstreif for 12. gong, på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale deltek på opninga fredag. Han skal mellom anna skal dele ut pris til Noregsmester i gardsost, Matmerk sitt Spesialitetmerke og kåre folket sin representant i fagjuryen til Spesialitetmerke. Dale skal også vise kva han er god for som kjøtskjerar i ein duell med vinnaren av lærlingkonkurransen i fjor, Mathias Venstad Nilsen frå Høvikveien Kjøtt og Kolonial, under kyndig dømming av Espen Lynghaug frå NHO Mat og Drikke.
- Nøkkelord
- Mat