Samarbeid for biologisk mangfold

Gjennom Arvesølv-prosjektet har grunneigarar og fagfolk funne fram til ein arbeidsmetode som fungerer for å bevare naturtypar og arter i den gamle kulturmarka.

I tusenar av år har menneskja sitt virke sett sitt preg på naturen vår og gitt kulturlandskapet særeigne kvalitetar og verdiar. Men i dei siste generasjonane har desse verdiane kome i fare.

I 2006 starta Bioforsk “Arvesølvprosjektet” på Agder i samarbeid med Norsk Genressurssenter, for å ta vare på biomangfaldet i kulturlandskapet.

Ellen Svalheim har leia dette prosjektet, som no nyleg er avslutta. Bakgrunnen for oppstartinga av prosjektet var blant anna at svært få verdfulle biomangfaldslokalitetar i kulturlandskapet blei forvalta aktivt:

Totalt har over 80 “arvesølvlokalitetar” blitt følgd opp gjennom prosjektet. Underveis har arbeidsmetodane, prinsippa og erfaringane frå prosjektet også vunne breiare gjenklang og interesse.

- Rundt 380 artsrike slåtteenger har kome under skjøtsel etter desse prinsippa i løpet av dei tre siste åra, fortel Svalheim.

Les heile saka hjå Bioforsk