Dagleg leiar Knut Harstad (t.v.) i Hæhre entreprenør AS og vegdirektør Terje Moe Gustavsen signerer kontrakten verdt 857,5 millioner kroner. Foto: Statens vegvesen

Hæhre signerte E16-kontrakt

Vegdirektøren signerte tysdag 1. april kontrakten på Varpe Bru - Smedalsosen på E16 Filefjell med Hæhre Entreprenør AS. Kontraktinngåinga gjekk føre seg på prosjektkontoret på Maristova.

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen og regionvegsjef Helge Eidsnes kom til Filefjell utpå ettermiddagen i strålande vêr, og dei vart møtt av mange tilsette på prosjektet samt dagleg leiar og prosjektleiar frå Hæhre Entreprenør AS.

Før signeringa av kontrakten til 857,5 millionar kroner fekk vegdirektøren ei orientering om E16 Filefjell av prosjektleiar Odd Erik Haugen. Han la mellom anna vekt på at eit viktig mål er at ein skal gjere alt i sin makt for at kontrakten skal gjennomførast utan alvorlege ulykker av nokon art.

Stor opptrapping

Haugen forklarte også korleis utbygginga på Filefjell står foran ei monaleg opptrapping, der ein årleg vil bygge veg for over 500 millioner kroner i perioden 2015-2017.

- Trafikkantane vil merke tydeleg betring av køyreforholda opp til Smedalsosen etter kvart som delstrekningar blir tekne i bruk, med slakare stigning, tunnel og betre vegstandard. Me satsar òg på å få til anleggsstart på Øye – Eidsbru i 2015, slik at utbygginga over fjellet får jamn framdrift, sa Odd Erik Haugen.

Viktig heilårsveg

Regionvegsjef Helge Eidsnes poengterte at E16 Filefjell er ein særs viktig heilårsveg.

- E16 er stort sett open når dei andre fjella er stengt, det har også kome godt fram denne vinteren. Når opprustinga av E16 Filefjell er ferdig i 2017, vil vegen bli endå viktigare, og me vil stort sett unngå stenging og kolonnekøyring, sa regionvegsjef Helge Eidsnes.

Poenget vart teke vidare av vegdirektøren:

- Det er ei kjensgjerning at Filefjell er den tryggaste fjellovergangen på vinteren. Andre vegar er kanskje kortare å køyre når dei er opne, men dei døgna Filefjell er open mens alt anna er stengt er gull verdt, sa Terje Moe Gustavsen.

Må jobbe trygt

Vegdirektøren la til at han opplever Hæhre som ein svært kompetent vegbyggjar, og han forventar at dei gjer alt i sin makt for å jobbe sikkert og unngå skader.

- Prosjektet er svært, arbeidet skjer i høgfjellet og ein skal gjere jobben medan trafikken kjem seg trygt forbi, sa vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

Oppstart i mai

Dagleg leiar Knut Harstad i Hæhre Entreprenør AS sa at dei har planar om anleggsstart i midten av mai. Dei vil starte tunneldriving på den nær 6 km lange Filefjellstunnelen utpå seinsommar/hausten. Separate arbeidslag frå kvar side av fjellet skal gje rask framdrift, og dei håpar på gjennomslag i løpet av 2015.

- Det er viktig for oss å kome raskt i gang med tunnelen, for å sikre ein god oppstart på prosjektet og få steinmassar til å heve den nye vegbana med. Det som er spanande for oss, er korleis neste vinter blir med tanke på snø og kulde, sa dagleg leiar Knut Harstad i Hæhre entreprenør AS.