Gjennomslag i Tyssetunnelen

Akkurat som planlagd small det klokka 1300. Utanfor, om lag 1,5 km frå stuffen, venta mellom 50 og 60 frammøtte på den siste salva i Tyssetunnelen.

Mellom dei tre særs glade politikarar, ei stor handfull vegvesen-medarbeidarar og ein stor bukett tunnelarbeidarar. No vart det hol i fjellet bak Tysse i Samnanger.

Prosjektleiar Svein Rosseland hadde på seg sitt finaste smil, for gjennomslagssalva et ein viktig milepæl i arbeidet med å byggje den 2,3 km lange tunnelen bak tettstaden Tysse og å ferdigstilla heile prosjektet «fv. 48 Tunnel bak Tysse», som har ei totallengde på 7,5 km.

- Sjølv om meir enn halvparten av arbeidet med å byggje tunnel står igjen, er slike markeringar viktig. Og så er det ei fin anledning å markere at vi er godt i gang med prosjektet, meiner Rosseland. Tre andre som smilte om kapp med prosjektleiaren er leiare i samferdsleutvalet i Hordaland fylkeskommune, Gustav Bahus, ordførar i Fusa, Hans Vindenes og varaordførar i Samnanger Brigt Gåsdal. Sistnemnde har og bak seg eit yrkesliv som skytebas i Statens vegvesen, seinare Mesta.

Berre eit par minutt etter at drønna frå fjellet hadde lagt seg sende bas Harald Almeland hjå hovudentreprenør Implenia ryddemannskap inn, slik at dei kunne gjere klart til å ta imot alle som ville sjå lyset frå den andre sida av tunnelen.

Så lasta ein gjestene opp i bilane og sette kursen mot stuffen. På veg inn køyrde ein gjennom tåkehavet som kjem når salva går av, med ei umiskjenneleg lukt av sprengstoff. Framme på stuffen var lufta klar og lysa frå andre sida skein på toppen av steinura. Det er hol i fjellet bak Tysse, kunne alle sjå med eigne auge.

Medan gjestene sette kursen for verkstadteltet for servering av kake og kaffi, klatra tunnelgjengen opp i røysa. Slike hendingar må forevigast og leggjast inn i minneboka. Truleg er det mange av dei som jobbar med å drive tunnel som aldri får æra av å køyre gjennom det ferdige produktet.

Med kake i magen og kaffi i handa nytta seksjonsleiar Gunhild Vangsnes høve til å takke for innsatsen. Ho minnast og mannen som omkom under montering av verkstadteltet og nytta høve til å kome med ein liten apell.

- Vær forsiktig og tenk HMS i alt arbeidet de utfører. Pass på dykk sjølv og kollegar. Vi ønskjer ikkje å miste nokon eller la nokon bli skadd. Vær snill og ta dette med dykk vidare, både i forhold til vidare arbeid på dette prosjektet og nye prosjekt, sa Vangsnes til dei frammøtte.

Drivinga av den kring 2,3 km lange Tyssetunnelen starta i mars 2013. Utan nemneverdige problem har tunneldrivarane ete seg veg frå begge sider, til dei no møttes. Dumparane har køyrd ut kring 190 000 kubikkmeter fast fjell, ein har sett inn kring 11 000 boltar og det er spruta ut kring 6 500 kubikkmeter sprøytebetong. Betongbilane frå Os har køyrd kring 1 000 turar med sikringsmassane.

Tunneldrivarane, vår tid rallarar, reiser no vidare til nye oppgåver. Andre tek over arbeidet som står att med grøfting, trauing, legging av røyr til ymse føremål, montering av vatn- og frostsikring og ikkje minst alt elektroarbeidet som skal utførast. Ein eller annan gong i 2015 er tunnelen og resten av veganlegget klart for å la bilane køyre gjennom, slik at trafikken blir fjerna frå den særs tronge strekninga ein må nytte i dag.