Hovudbyggeleiar Torbjørn Vatnehol i Møre og Romsdal fylkeskommune, prosjektsjef Are Eliassen i Skanska, fylkesordførar Tove Lise Torve og prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Hovudbyggeleiar Torbjørn Vatnehol i Møre og Romsdal fylkeskommune, prosjektsjef Are Eliassen i Skanska, fylkesordførar Tove Lise Torve og prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Første del av Nordøyvegen opna for trafikk

Innbyggarane på Lepsøya, Haramsøya og Flemsøy/Skuløya vart landfaste laurdag 18. desember, meir enn eitt halvt før planen.

Det var Oskar Zachara, Bjørn Longva jr. og Daniel Seth Rønstad, som alle er elevar på ungdomstrinnet ved Haramsøy skule, som stod for den offisielle opninga saman med fylkesordførar Tove-Lise Torve, prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune og prosjektsjef Are Eliassen i Skanska.

– Vegen fram til realisering har vore lang, og til tider krevjande. Og det er mange som fortjener stor takk for iherdig innsats for at vi kan stå her i dag. Lokalbefolkninga, næringslivet, lokalpolitikarar og fylkespolitikarar, for å nevne nokon. Desse skal takkast på ein ordentleg måte på folkefesten i august. Men i dag står vi her. Og vegen skal snart åpnes for trafikk. Takknemlighet og glede er følelser svært mange føler på akkurat nå, sa fylkesordførar Tove-Lise Torve i sin tale på markeringa, melder Møre og Romsdal på sine nettsider.

Då kontrakten med hovudentreprenør Skanska vart signert i desember 2018, låg det til grunn at heile Nordøyvegen skulle opne for trafikk sommaren 2022.

– Opninga mellom Haramsøya, Lepsøya og fastlandet er resultatet av godt samarbeid over lang tid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Skanska for å optimalisere gjennomføringa. Kontrakten vart tildelt Skanska fordi dei hadde tilbodet med det beste forhold mellom pris og kvalitet. Det har dei bevist gjennom heile bygginga, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune, ifølgje meldinga.

Daniel Seth Rønstad (fv.), Oskar Zachara og Bjørn Longva jr. saman med prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Daniel Seth Rønstad (fv.), Oskar Zachara og Bjørn Longva jr. saman med prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

I haust, om lag eitt år før heile Nordøyvegen opnar, vart alle mengdene i kontrakten låst.

– Det betyr at vi har kontroll på økonomien i prosjektet, både på det som er bygd og det som står igjen, fortel prosjektleiaren.

Fyrste del av Nordøyvegen består av bruene Lepsøybrua (800 meter), Laukebrua (110 meter) Hamnaskjersundbrua (200 meter). 2,7 kilometer veg ligg på sjøfylling. Den undersjøiske tunnelen Haramsøytunnelen (3500 meter) strekk seg frå den litle øya Hestøya og vidare til Haramsøya. På Hestøya ligger startpunktet på den undersjøiske tunnelen åtte meter under havnivå. Vegen er derfor beskytta frå havet med ein demning til havs, den einaste i sitt slag i Noreg.

Resten av Nordøyvegen, med to undersjøiske tunnelar på totalt 9,5 kilometer opnar sommaren 2022, etter planen. Fjørtoftfjordtunnelen (3680 meter) mellom Fjørtofta og Harøya opnar torsdag 16. juni og Nogvafjordtunnelen (5730 meter) mellom Flemsøy/Skuløy og Fjørtofta opnar laurdag 27. august. Da blir det også offisiell opning av heile Nordøyvegen, mellom Harøya og fastlandet.

– Delopninga vart annleis enn det vi tenkte. Det var veldig kjekt at så mange kom køyrande når vegen opna. No håpar vi det er mogleg å arrangere ein stor folkefest for å markere at heile Nordøyvegen blir opna for trafikk neste år, seier prosjektleiar Marianne Nærø.

På grunn av smittevernomsyn vart det digital opningsmarkering, sendt direkte frå Lepsøybrua.

Oskar Zachara, Daniel Seth Rønstad og Bjørn Longva jr., som alle er elevar på ungdomstrinnet ved Haramsøy skule, fekk æra av å opne første del av Nordøyvegen. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Oskar Zachara, Daniel Seth Rønstad og Bjørn Longva jr., som alle er elevar på ungdomstrinnet ved Haramsøy skule, fekk æra av å opne første del av Nordøyvegen. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune