Her, på Sogndal-sida av rv. 5 Frudalstunnelen, gjekk skredet. Bilete frå Google maps
Her, på Sogndal-sida av rv. 5 Frudalstunnelen, gjekk skredet. Bilete frå Google maps

Fem interesserte i jobb med Frudalstunnelen

Vegvesenet startar no ein stor jobb i og ved rv. 5 Frudalstunnelen mellom Sogndal og Fjærland. Fem firma viste interesse for å utføra arbeidet.

I januar i fjor øydela eit skred det tekniske bygget på Sogndal-sida av Frudalstunnelen

No skal Statens vegvesen flytta bygget inn i tunnelen og i tillegg oppgradera lysa i innkøyringa til tunnelen.

– Anleggsarbeida startar natt til 30. mai med sprenging av nisje. I veke 28, 29 og 30 blir det avvikla ferie på anlegget og fri ferdsel i tunnelen. Etter ferien vil det foregå arbeid både på dagtid og natt. På dagtid kjem vi til å grava, og på natta sprenga og jobba med sprøytebetong. Trafikken vil bli styrt med ledebil, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

I samband sprengningsarbeidet må ein stenge tunnelen i lange periodar. Trafikantar vert difor oppmoda til å sjekka 175.no før dei skal ut og køyra. Omkøyringsvegen er lang (via Gaularfjellet).

– Vi har forståing for at det kan verta krevjande for trafikantene med arbeid i Frudalstunnelen, men det er mange tilhøve som vert betre for alle som følgje av arbeida, sier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen i meldinga.

Frudalstunnelen har ein gjennomsnittleg døgntrafikk på 1604 køyretøy. Av dette er 22 prosent, eller 352, lange køyretøy (tungtrafikk).

Desse ville ha oppdraget: (tilbodssum ekskl. mva)
* Aurstad Tunnel AS frå Hovdebygda - 31.725.725,00
* Fosse Maskin og Transport AS frå Vik - 33.708.045,80
* AS Birkeland Entreprenørforretning frå Gulen - 37.930.030,00
* BMO Tunnelsikring AS frå Arna - 40.178.150,00