- Utbygginga av Lønset-Hjelset skal koste om lag 1,3 milliardar kroner og staten bidreg med 45 prosent av midlane, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide. . Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Håkon Mosvold Larsen NTB

E39 Lønset–Hjelset er klar for utbygging

Samferdselsdepartementet har i dag framlegg i statsråd om utbygginga og finansieringa av E39 Lønset–Hjelset. Utbygginga skal koste om lag 1,3 milliardar kroner og staten bidreg med 45 prosent av midlane.

Bygging av veg skal løyse samfunnsutfordringar. Aust for Molde sentrum skal det byggast eit nytt sjukehus. Da må vi sørge for at vegen til og frå sjukehuset er god nok. Strekninga har i dag ein låg standard, og det er på tide med ei oppgradering. Det kjem no, til glede for Romsdal og Nordmøre, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide i ei pressemelding.

Strekninga mellom Lønset og Hjelset er den med lågast standard på E39 mellom Molde og Kristiansund.

Den nye vegen blir 9,3 kilometer lang. Det vil bli tofelts veg med midtdelar og forbikøyringsfelt. Fartsgrensa blir 90 kilometer i timen.

Ny veg vil ikkje berre sørge for at ambulansane kjem seg raskt til sjukehuset. Det vil òg bety samanhengande gang- og sykkelveg på heile strekningen, for det meste langs dagens veg. Da får vi betre trafikktryggleik for alle trafikantar, seier Hareide.