Foto: Arve Brekkhus

E16 Filefjell stengt frå 1. til 19. juni

Bygging av ny E16 over Filefjell vil føre til vanskelege køyretilhøve for trafikantane sommaren 2015.

Spesielt eit par utfordrande punkt gjer det svært krevjande å halde trafikken gåande medan ny veg blir bygd.
For å redusere ulempene for trafikantane og anleggsarbeidarane, vil me stenge vegen heilt i perioden:
Frå måndag 1. juni klokka 06.00
Til fredag 19. juni klokka 14.00
Vegen blir stengt ved Slutebakken, mellom Øvre og Nedre Smedalsvatn gjennom heile perioden, også i helgane. Hæhre entreprenør AS vil jobbe på skift gjennom heile døgnet for å få gjort mest muleg medan stenginga varer.
Grunneigarar og hytteeigarar skal få tilgang til å kome seg fram til eigedomane så langt det er muleg i perioden.
Gjennomfartstrafikk må nytte omkøyringsvegane fv. 53 Tyin-Årdal (maks høgde 4 meter) og rv. 52 Hemsedalsfjellet / fv. 51 Golsfjellet.
(sjå vedlagt kart over omkøyringsvegane)
Totalt sett meiner me stenging ein kortare periode er den beste og mest oversiktlege løysinga for mange, men me orsakar ulempene dette vil medføre for dei som blir hardast råka av stenginga.