Stordabrua. Foto: Statens vegvesen
Stordabrua. Foto: Statens vegvesen

Dansk firma skal vedlikehalda Stordabrua og Bømlabrua

Danske Ommen AS skal vedlikehalda E39 Bømlabrua på oppdrag for Statens vegvesen og fylkesveg 542 Bømlabrua for Vestland fylkeskommune.

Ein kontrakt på 227.803.348 kroner pluss meirverdiavgift er no signert.

– Vi har lyst ut arbeidet som eit fellesprosjekt fordi vi då kan løysa arbeidsoppgåvene meir effektivt. Bruene ligg nære kvarandre, noko som gjer det mogleg å bruka same spesialutstyr på begge bruene, seier prosjektleiarane Trond Ingve Mølstre (Statens vegvesen) og Kristoffer Hove (Vestland fylkeskommune) i ei pressemelding.

Statens vegvesen har ansvar for og tek kostnaden for Stordabrua, og Vestland fylkeskommune for Bømlabrua.

Begge bruene er bygde i 2000. Stordabrua 1078,5 meter lang, og Bømlabrua 999 meter. Det gjer at Statens vegvesen får ein større andel av kostnadane enn Vestland fylkeskommune gjer.

– Arbeidet vil ikkje få store konsekvensar for trafikken, men det kan vera naudsynt at brua blir stengd i eit kort tidsrom mellom klokka 22.00 og 05.30 når arbeidsplattforma og utstyr skal flyttast. Dette vil bli ytterlegare varsla når det er aktuelt, seier dei to prosjektleiarane.

I områdar der arbeidsplattforma kjem i konflikt med trafikkavviklinga blir eitt køyrefelt snevra inn. Trafikken blir avvikla med både med lysregulering og manuell dirigering.

Statens vegvesen gjer naudsynte førebuingar i løpet av hausten, startar på arbeidet våren 2023 og er ferdige hausten same år. Vestland fylkeskommune startar på Bømlabrua våren 2024, og er ferdige i september same år.

Hengebruer i kystnære strøk er særleg utsette for skadar grunna fukt og sjøvatn. Bruene skal difor ha eit avfuktingsanlegg for berekablar.