Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Budsjettet: Høgt aktivitetsnivå på jernbanen – i eit år med endringar i sektoren

- Regjeringa held fram med å satse på jernbane i 2017. Det vil vere optimal framdrift på alle dei store utbyggingsprosjekta og høg planleggingsaktivitet for å gjere nye prosjekt klare til anleggsstart. Aktiviteten innan vedlikehald og fornying av det eksisterande jernbanenettet vil vere stor, og fleire nye tog blir sette i trafikk. Vi ønskjer å gi eit styrkt jernbanetilbod til pendlarar og næringsliv i framtida. Difor gjennomfører vi nå ei omfattande reform av sektoren for å samle ansvar og oppgåver på ein betre måte, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Regjeringa foreslår om lag 21,9 milliardar kroner til jernbaneformål i 2017. Dette er på nivå med vedtatt budsjett for 2016. Budsjettforslaget fører til at den økonomiske ramma for dei fire første åra av Nasjonal transportplan 2014-2023 blir overoppfylt med nær 7 prosent eller 4,6 milliardar kroner. 

Satsinga på vedlikehald held fram
- Før vi tok over regjeringsmakta i 2013, hadde vedlikehaldsetterslepet på jernbanen auka over lengre tid. Vi har stoppa veksten i forfallet og klart å redusere det i tillegg. 2015 blei kalla det første store vedlikehaldsåret for Jernbaneverket. Forslaget til 2017-budsjett har høgare løyving til vedlikehald enn i 2015. Godt vedlikehald er avgjerande for å oppretthalde og utvikle tryggleiken og kvaliteten i både infrastrukturen og trafikkavviklinga. Dette legg til rette for eit meir driftsstabilt jernbanenett, med høg oppetid, høg regularitet og ein meir punktleg togtrafikk, seier Solvik-Olsen.

Til drift og vedlikehald er det foreslått i overkant av 6,8 milliardar kroner, fordelt med 2,5 milliardar kroner til drift og 4,3 milliardar kroner til vedlikehald. Forslaget til vedlikehald er tilstrekkeleg til å oppretthalde standarden på infrastrukturen, slik at forfallet ikkje aukar i 2017. Med eit høgt aktivitetsnivå på vedlikehaldsarbeidet i 2017 er det venta at budsjettforslaget vil føre til betre driftsstabilitet i togtrafikken.

- Midlane til vedlikehald og fornying går mellom anna til arbeidsoppgåver som gjer at fleire kan kome seg i arbeid. Det er positivt i ein periode med utfordringar i arbeidsmarknaden, seier samferdselsministeren.

Rasjonell framdrift på store prosjekt
- Med den store folkeauken som er venta dei neste tiåra, blir tog eit viktig transportmiddel inn og ut av dei store byane. Med reduserte reisetider, fleire avgangar og høg driftsstabilitet fører dei nye jernbaneprosjekta til at folk i større grad kan velje å bu og arbeide der dei sjølv ønskjer. Dette avlastar storbyområda. Dei nye prosjekta legg i fleire tilfelle òg til rette for auka kapasitet for godstrafikken, seier Solvik-Olsen.

Nokre prosjekt er opna for trafikk. I desember 2015 byrja toga å gå på dobbeltsporet Langset-Kleverud langs Mjøsa på Dovrebanen. I september i år blei dobbeltsporet Hell-Værnes på Nordlandsbanen/Trønderbanen sett i drift. Det er lagt opp til at toga blir sette i trafikk på dobbeltsporet Holm-Holmestrand-Nykirke i november 2016.

Til investeringar på jernbanenettet i 2017 føreslår regjeringa nær 8,8 milliardar kroner, som er om lag ei vidareføring av tilsvarande aktivitetar i vedtatt budsjett 2016. Midlane omfattar vel 6,8 milliardar kroner til store prosjekt. Dette sikrar mellom anna rasjonell vidareføring av Follobaneprosjektet mellom Oslo og Ski (nær 4,9 milliardar kroner), InterCity-prosjektet Farriseidet-Porsgrunn på Vestfoldbanen (564 millionar kroner) og tunnelprosjektet i Ulriken i Bergen på Vossebanen/Bergensbanen (426 millionar kroner).

Forslaget til investeringsbudsjett på 8,8 milliardar kroner inkluderer 1,9 milliardar kroner i tiltak for eit betre togtilbod på Austlandet, kapasitetsaukande tiltak, stasjonar og knutepunkt, og tryggleik og miljø.

Desse investeringsmidlane går mellom anna til bygging av anlegg for parkering av tog, kryssingsspor og auka kapasitet i straumtilførsel til toga. Dette er tiltak som er naudsynte for å møte meir togtrafikk med fleire nye togsett, og å leggje til rette for meir gods på bane. Vidare går midlane til betring av publikumsretta fasilitetar på stasjonar og knutepunkt, teknisk trafikktryggleik, sikring og sanering av planovergangar, tunneltryggleik og rassikring.

Stor satsing på planlegging av nye jernbaneprosjekt
Til planlegging av investeringsprosjekt foreslår regjeringa nær 1,5 milliardar kroner. Det er ein auke på om lag 220 millionar kroner eller nær 18 prosent jamført med gjeldande budsjett for 2016. I 2017 er 1,3 milliardar kroner av planleggingsmidlane sette av til InterCity-prosjekt på Austlandet.

- Vårt budsjettforslag til planlegging av nye investeringsprosjekt er eit uttrykk for den store jernbanesatsinga vi er midt inne i. Då vi kom i regjering i 2013, opplevde vi at planlegginga av InterCity-strekningane var underfinansierte. Sidan 2014 har vi meir enn femdobla innsatsen når det gjeld planlegging av nye investeringar. Etter at den førre regjeringa la fram gjeldande Nasjonal transportplan i 2013, har vi i tillegg lagt til Ringeriksbanen mellom Sandvika og Hønefoss som den fjerde InterCity-strekninga på Austlandet, seier Solvik-Olsen.

Til planlegging av dei InterCity-prosjekta som ligg an til å bli klare til anleggsstart først, foreslår regjeringa 776 millionar kroner. Dette gjeld prosjekta Venjar-Eidsvoll-Langset på Gardermo- og Dovrebanen, Kleverud-Sørli på Dovrebanen og Sandbukta-Moss-Såstad på Østfoldbanen. Til planlegging av Ringeriksbanen går regjeringa inn for bruke 202 millionar kroner.

Midlane til planlegging av investeringar omfattar òg mellom anna fleire andre InterCity-prosjekt, elektrifisering av Trønder- og Meråkerbanen, dobbeltspor på strekninga Gulskogen-Hokksund på Sørlandsbanen, tiltak på stasjonar og knutepunkt, nye anlegg for togparkering og oppgradering av Alnabru godsterminal.

Samanlikna med planrammene for perioden 2014-2017 er det løyvd 2,3 milliardar meir til investeringar og planlegging. Satsinga må bli ytterlegare styrkt framover for å realisere ambisjonane i gjeldande Nasjonal transportplan om ferdigstilling av InterCity-strekningane frå Oslo til Tønsberg, Hamar og Fredrikstad i 2024 og til Skien, Lillehammer og Halden i 2030.

Fleire nye tog og fleire fornøgde passasjerar
Å setje nytt persontogmateriell inn i trafikken er eit av verkemidla for å få fleire pendlarar til å velje toget. Av dei 125 Flirt-toga som til no er tinga, skal 81 vere leverte og i trafikk ved utgangen av 2016. Dei resterande 44 persontoga kjem i perioden 2017-2020.

- Dei ti nye persontoga vi får i 2017, kjem til å auke transportkapasiteten og fornye det skinnegåande materiellet på Austlandet. Det er lagt opp til fase inn fire av dei nye toga på Gjøvikbanen frå september 2017. På denne strekninga blir det no køyrt med gamle togsett, og det er på tide at passasjerane får køyre med nye tog, seier samferdselsministeren.

Til statleg kjøp av persontransport med tog foreslår regjeringa nær 3,3 milliardar kroner, som er om lag det same nivå som i vedtatt budsjett for 2016. Midlane går til å delfinansiere store delar av rutetilbodet, og bidrar difor til å leggje til rette for eit attraktivt togtilbod.

- I tillegg til nye persontog og betre infrastruktur har rutetilbodet blitt styrkt dei siste åra. Fleire avgangar, høgare kapasitet og forlenga lokaltogtilbod er viktige stikkord. Vi har òg lagt til rette for betre Internett-dekning fleire stader, slik at det blir enklare å arbeide eller surfe om bord. Stadig fleire vel å ta toget, og undersøkingar viser at fleire er fornøgde med togtilbodet. Dette viser at tiltaka gir resultat, seier samferdselsministeren.

Statens jernbanetilsyn
Til Statens jernbanetilsyn foreslår regjeringa nær 85 millionar kroner, ein auke på nær 8 prosent frå vedtatt budsjett 2016. Bakgrunnen for auken er mellom anna at tilsynet har fått fleire oppgåver.

Jernbanereform skal gjere sektoren betre
- I 2017 blir det store endringar i organiseringa av sektoren. Med nytt jernbanedirektorat og Bane NOR SF på plass, og konkurranse om å levere best mogeleg tilbod til de reisande på to rutepakkar, blir grunnlaget lagt for eit meir kundetilpassa jernbanetilbod. I tillegg skal ansvarsfordelinga i sektoren bli tydelegare. Samstundes er vi opptekne av at tryggleiksnivået skal vere like høgt som i dag eller endå høgare, seier samferdselsministeren.

Med jernbanereforma blir Jernbaneverket erstatta av Bane NOR SF og Jernbanedirektoratet. Dei operative oppgåvene knytt til drift, vedlikehald og investeringar på jernbanenettet som til no har blitt utførte av Jernbaneverket, blir vidareførte i Bane NOR. Direktoratet får ansvaret for styring og koordinering av sektoren. Den nye etaten skal ha ei viktig rolle når det gjeld samarbeid med resten av transportsystemet generelt og andre typar kollektivtrafikk spesielt.

Jernbanedirektoratet får ansvaret for gradvis å innføre konkurranse om retten til å køyre persontog på oppdrag frå staten. I samband med dette blir ansvaret for statleg kjøp av persontogtrafikk overført frå Samferdselsdepartementet til direktoratet.

Regjeringa føreslår 400 millionar kroner til å til å dekkje meirutgifter i samband med jernbanereforma i 2017. Samferdselsdepartementet vil kome attende til Stortinget med ytterlegare omtale av reforma, spesielt om nye styringssystem med informasjon om mellom anna instruksar og leiarlønskontraktar.