Fra grunnboringene som ble gjennomført både på land og til vanns tidligere i høst. Foto: Tor Arvid A. Gundersen, Statens vegvesen

Bompengar skal finansiere ny veg langs Seljordsvatnet

Stortinget vedtok tysdag at utbetring av riksveg 36 kan gjennomførast med bompengar. Arbeidet vil starte så fort som mogeleg.

Til saman er det tre kilometer av riksvegen langs Seljorsdsvatnet som skal utbetrast. Reguleringsplanen blei godkjent i 2014, men i haust har planane blitt noko endra og ei mindre endring i reguleringa er no sendt kommunen for behandling.

- Vi arbeider no for fullt med å utforme konkurransegrunnlaget for arbeidet. Dette vil bli sendt ut i byrjinga av neste år slik at arbeidet kan kome i gong hausten 2019, opplyser prosjektleiar Helene Byre i Statens vegvesen.

Utbetringane har ei ramme på nær 300 millionar kroner, som skal finansierast gjennom bompengar. På to strekningar langs Seljordsvatnet skal det byggjast ny veg. Sett i retning frå Bø mot Seljord er det halvannan kilometer før Sanden camping som skal bli ny. På denne parsellen som heiter Stodi, er det i dag ein skarp sving med midtdelar av betong for å skilje møtande trafikk frå kvarandre. Den andre parsellen er Buktiparsellen etter campingplassen hvor det også er om lag halvannan kilometer veg som skal byggjast nytt. I den opphavlege reguleringsplanen frå 2014 var det her teikna ein tunnel, i den nye er veglinja lagd noko om slik at den nær 9 prosent bratte bakken opp frå Bukti kan gjerast enda slakare. Her blir det ikkje nødvendig med tunnel, vegen vil gå gjennom ein skjering i fjellet, heiter det i ei pressemelding.

Konkurransen som blir lyst ut vil vere totalentreprise, det vil seie at entreprenøren som skal byggje vegen, også skal stå for byggjeplanlegging.

For at prosjektet skal vere nedbetalt på 15 år, er det rekna ut at gjennomsnittleg inntekt per passering må vere på 30,6 kr i 2018-prisnivå med dei føresetnader som elles er lagt til grunn. Basert på dette er det førebels lagt til grunn følgjande grunntakstar i 2018-prisnivå:

Takstgruppe 1 (opp til 3 500 kg): 32 kr

Takstgruppe 2 (over 3 500 kg): 96 kr

For taktsgruppe 1 er det lagt til grunn eit månadleg passeringstak på 40 passeringar. Denne gruppa får også 20 prosent rabatt med bruk av elektronisk brikke og brikkeavtale.

Det skal krevjast inn bompengar i begge retningar. men det er ikkje bestemt den eksakte plasseringa av bommen. Det er lagt til grunn at innkrevjinga vil starte i 2021 etter at ubetringa av begge strekningane er ferdig.