Klart for tunnel ved Jordalsgrenda

Det blir truleg byggjestart på tunnel ved Jordalsgrenda i Sunndal alt neste år, melder NRK Møre og Romsdal.

Første byggesteg på riksveg 60 mellom Hellesylt og Stranda kan bli starta på i 2006. Det stadfestar leiar i samferdselsutvalet i fylket Iver Nordseth. Pengane kjem frå rassikringspotten frå staten. Fylkestinget vedtok i 1997 ei prioriteringsliste over kva vegstrekningar som må rassikrast først. No ligg riksveg 60 og 62 øverst på den lista. Mellom Hellesylt og Stranda er det berre pengar til oppstart, men ved Jordalsgrenda tek ein sikte på ei kjapp utbygging, seier Nordseth