Løyve til å bygge Langdalselva kraftverk

NVE har gjeve Småkraft AS løyve til å bygge Langdalselva kraftverk i Kvænangen kommune i Troms. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 11 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 550 husstandar.

Kraftverket i Langdalselva vil nytte eit fall på 235 meter over ei strekke på om lag 2,3 km. Av omsyn til dei allmenne interessa i og langs vassdraget og det lokale friluftslivet i den nedre delen av vassdraget, er det fastsett ei minstevassføring på 200 liter i sekundet frå mai til september og 50 liter i sekundet resten av året.

Det er sett krav om at ein eksisterande skogsbilveg, som skal rustas opp, skal vere open for fri ferdsel. Ein ny anleggsveg på om lag 1 km frå enden av skogsbilvegen og vidare opp til inntaket vert stengd, og om naudsynt fjerna etter anleggsdrifta. Dette av omsyn til reindrifta i området. NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.