Stor innflytting til tettstadene

I 2006 flytta det om lag 21 500 fleire personar til tettstadene enn kva det flytta ut. I same periode hadde tettstadene eit fødselsoverskott på om lag 15 000 personar.

I tillegg kom om lag 11 000 personar til på grunn av utviding av tettstadene. Talet på busette i tettstader auka dermed med 47 500 i løpet av 2006, og enda med at 3 655 391 av oss var busette i til saman 917 tettstader i Noreg per 1. januar 2007. 78,3 prosent av oss bur no i tettstader. Stort fødselsoverskott i tettstader

Heile 86 prosent av fødselsoverskottet i landet er knytt til i tettstader. Tettstadene i Akershus, Oslo, Rogaland, Hordaland og Sør-Trøndelag hadde alle eit fødselsoverskott på meir enn 1 000. Oslo låg på topp med nær 5 000. I Hedmark, Oppland, Telemark og Nord-Trøndelag døydde det fleire enn det vart fødde i tettstadene. Alle fylka, med unnatak av Nordland, hadde fødselsoverskott i spreiddbygde strok, men ingen over 500.

Flyttestraumane går til tettbygde strok I 2006 var nettoinnflyttinga i landet på om lag 24 000. Heile 90 prosent, 21 500, av nettoinnflyttinga har kome i tettstadene. Akershus, Oslo og Rogaland hadde ei nettoinnflytting på meir enn 3 000, og Oslo kom på topp med ei nettoinnflytting på om lag 6 000. I fylka Sogn og Fjordane, Nordland, Troms og Finnmark flytta det fleire ut av tettstadene enn det flytta inn. Når det gjeld spreiddbygde strok, hadde åtte av fylka nettoutflytting, medan dei resterande 11 hadde nettoinnflytting. Færre innbyggjarar i spreiddbygde strok Trass i både fødselsoverskott og nettoinnflytting i spreiddbygde strok, gjekk folketalet ned med bortimot 5 000 i 2006. Grunnen til dette er at 9 000 personar gjekk over frå å bu i spreiddbygde strok til å bu i ein tettstad på grunn av endringar i tettstadgrenser.

Nær 2 000 personar har i tillegg gått over frå tidlegare uplassert på tettbygd og spreiddbygd strok til busett i tettstader. Sterkast vekst i dei største tettstadene Veksten i dei 19 tettstadene med 20 000 innbyggjarar og over var i 2006 på om lag 37 000. Det tilsvarar 77 prosent av den totale busetteveksten i tettstader. Arealet auka på same tid med om lag 12 kvadratkilometer, eller i underkant av 40 prosent av den totale endringa i tettstadarealet. Talet på tettstader har auka med 12 i 2006. 15 nye tettstader er kome til, 2 tettstader har utgått og ein tettstad er blitt innlemma i ein anna tettstad. Den store veksten i tettstadarealet held fram Det totale arealet av tettstader i Noreg utgjer no 2 294 kvadratkilometer. Aukinga i areal frå 2006 til 2007 var på om lag 30 kvadratkilometer, eller 1,4 prosent.

Busettetettleiken i norske tettstader var i snitt 1 593 busette per kvadratkilometer per 1. januar 2007.

Tettleiken har gått noko opp sett i høve til tal for januar 2000 da det var 1 588 busette per kvadratkilometer tettstad. Viss ein bryt tala ned etter storleiken til tettstadene, syner det seg forskjellar. Dei aller minste tettstadene har hatt mest nedgang i busette slik at busettetettleiken har gått svakt ned. Dei litt større tettstadene har hatt auke i busette og areal, men auken har vore størst i areal slik at tettleiken har gått noko ned. Dei aller største tettstadene har hatt størst auke i busette slik at tettleiken og har gått opp. Endringane i tettleik har alt i alt vore små.

Endring i areal og busette frå eit år til eit anna kan og i nokon grad skuldast etterslep og endra rutinar i registra, dette gjeld spesielt for mindre tettstader og kommunar. Endringar etter storleik skuldast og endringar i talet på tettstader. Mellom anna kan mindre tette tettstader få fleire busette og kome over i intervallet over, eller tettstader kan verte borte.