Frå august vil du kunne sjå desse bøyane i Bjørnafjorden Foto: Fugro Norway

Skal utføre nye bølgemålingar i Bjørnafjorden

Statens vegvesen har valt Fugro Norway AS til å utføre bølgemålingar i Bjørnafjorden. Målingane startar i august 2021.

– Vi er glade for å få med på laget eit svært kompetent selskap som Fugro Norway AS. Dei skal utføre viktige straum- og bølgemålingar for oss for å sikre bakgrunnsdata til det komplekse prosjektet som bru over Bjørnafjorden er, seier Kjell Håvard Belsvik, delprosjektleiar for E39 fjordkryssing Bjørnafjorden i Vegvesenet, i ei pressemelding.
Vegvesenet har motteke tre  tilbod frå leverandørane Fugro Norway AS, NORCE og DHI, som utførte den siste målekampanje i Bjørnafjorden.

– Fugro Norway AS vann konkurransen basert på eit tilbod med beste forhold mellom pris og kvalitet, i samsvar med tildelingskriteriane, melder etaten.

Den nye flytebrua som vert planlagt er 5,5 kilometer lang. Fugro Norge AS skal utføre bølgje- og straummålingar ved to lokasjonar: Ein i Bjørnafjorden og ein i Søreidsvika. Selskapet vil starte målingane i august 2021.

– Formålet med arbeidet er å skaffe oss nødvendig kunnskap om desse to stadane som er sentrale i bygginga av brua og som vi vil bruke videre i prosjekteringa og berekning av vêrforhold fram mot byggestart i 2025, seier Belsvik.

Prosjektet har føretatt målingar i Bjørnafjorden frå 2015 og fram til sommaren 2021. Målingane som no vert utført skal blant anna nyttast til kvalitetssikring av eksisterande informasjon og i byggeperioden (Søreidsvika).