Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

3,5 milliardar meir til Forsvaret - store oppgåver for byggenæringa

Regjeringa foreslår ein auke på om lag 3,5 milliardar kroner som gir eit forsvarsbudsjett på om lag 64,5 milliardar kroner i 2021. Det er ein reell auke på 4,1 prosent frå budsjettet inneverande år og ein reell auke på 30 prosent sidan 2013.

Med statsbudsjettet svarer regjeringa på dei langsiktige utfordringane Noreg står overfor. Vi skal skape meir og inkludere fleire. Vi skal bidra til at bedriftene kjem i gang igjen over heile landet og at flest mogleg kjem i arbeid. Vi må skapa fleire jobbar, i fleire bransjar, over heile landet. Også forsvarsbudsjettet gir sitt bidrag til dette, står det i ein pressemeldinga frå Forsvarsdepartementet.

Regjeringa foreslår mellom anna å:

* investere om lag 220 millionar kroner i bygg for kavaleribataljonen på Porsangmoen og jegerkompaniet på Høybuktmoen i Troms og Finnmark.

* investere om lag 1,3 milliardar kroner i Evenes flystasjon i Nordland.

* investere om lag ein milliard kroner til Ørlandet flystasjon i Trøndelag.

* investere om lag 350 millionar kroner til Haakonsvern i Vestland.

* finansiere nye kampfly med baseløysning med sju milliardar kroner.

Regjeringa har tatt viktige grep og snudd utviklinga i Forsvaret. Noreg står i dag betre rusta til å ta vare på våre tryggingsinteresser. Forsvaret opererer meir og har eit høgare aktivitetsnivå enn på mange år. Samstundes står Forsvaret overfor store utfordringar i 2021, står det i pressemeldinga.

– Det er krevjande at fleire ting skal gjerast samstundes. Vi har auka krav til reaksjonsevne, til beredskap og evne til å halde ut. Samstundes fortsett moderniseringa av infrastrukturen, vi skal fase ut gamalt materiell og fase inn nytt, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Det er i hovudsak Hærens forsyningsberedskap som blir styrka, og totalt er det i 2021 avsett over ein halv milliard kroner til forsyningsberedskap – spesielt ammunisjon, reservedelar og medisinsk forbruksmateriell.

– Gjennom fortsatt og auka satsing på forsyningsberedskap, vil Forsvaret gradvis auke evna si til å tole påkjenningar, og vi legg til rette for ein robust struktur og operativ evne over tid. Betre forsyningsberedskap er høgt prioritert hos forsvarssjefen, seier forsvarsministeren.