Driftsleiar Stavanger

Statsbygg er ein av dei største byggherrane og eigedomsforvaltarane i Noreg, og gjev råd til staten i bygge- og eigedomssaker. Dei 870 engasjerte og dyktige medarbeidarane våre bygger og driftar bygg med meining i heile Noreg og i over femti andre land.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Les meir om inkludering og mangfald her .

Etter søknadsfristen har gått ut, vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Søkjarar kan bli oppførte på søkjarlista sjølv om vedkomande har bede om konfidensiell.

FirmaStatsbygg
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist24.08.2020

Statsbygg har ei ledig stilling som driftsleiar på sine eigedomar i Stavanger og omland. Stavanger fengsel vil vere primæreigedomen, men den tilsette vil jobbe tett opp mot driftspersonell på bl.a. Stavanger tinghus og andre kollegaer i teamet.

Den nye driftsleiaren vår ser det store biletet, utviklar og tek i buk praktiske løysingar. Han/ho motiverer både seg sjølv og teamet til samarbeid, samhandling og til å ta i bruk ny kunnskap. Den rette kandidaten forstår strategiane og prioriteringane verksemda har, og er flink til å tilpasse åtferd raskt og effektivt for å nå vedtekne mål. Bygningane våre er stadig under ombygging, noko som bidreg til ein variert arbeidskvardag og høve til å følgje prosjekt frå start til slutt. Statsbygg ønskjer fornøgde kundar som vil krevje god oppfølging både fagleg og når det gjeld miljø og service. Som eigar og utleigar ønskjer Statsbygg å ha eit godt og konstruktivt samarbeid med kundane våre. Difor er god kundebehandling viktig i alle ledd i organisasjonen.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre rasjonell drift og vedlikehald ved eigedomane
  • Drift av tekniske anlegg ved hjelp av SD-anlegg
  • Aktivt medverke til at Statsbygg når dei måla som er sette innanfor ulike satsingsområde, til dømes miljø, universell utforming, FDVU og enøk
  • Oppfølging av ombyggings- og vedlikehaldsprosjekt
  • Utarbeide og setje seg inn i statusoversikter og tilstandsanalysar for eigedomane, innanfor drift og vedlikehald
  • Bestille og følgje opp eksterne leveransar i samsvar med forskrift om offentleg anskaffing
  • Bidra til god kundebehandling og godt samarbeid mellom leigetakarar og Statsbygg
  • Bidra med fagkunnskap overfor interne og eksterne aktørar på eigedomane
  • Ta del i tverrfagleg samarbeid
  • Andre oppgåver i team-området kan bli lagde til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innanfor elektro/ automatikk/ VVS eller byggdrift. Andre fagbrev vil kunne bli vurderte
  • Teknisk fagskule er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Minimum fem års erfaring med moderne drift og forvaltning av eigedom, medrekna bruk av SD-anlegg
  • Økonomisk og administrativ forståing
  • Gode ferdigheiter og erfaring med dagleg bruk av IKT-baserte system og utstyr er nødvendig
  • Før tilsetjing i stillinga må du kunne leggje fram uttømmande og utvida politiattest som kan godkjennast av Kriminalomsorga, jf. straffegjennomføringslova §8,1
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Oppteken av effektivitet og optimalisering
  • Målretta, systematisk og løysingsorientert
  • Sjølvstendig, engasjert og avgjerdslojal
  • Evne til å skape gode relasjonar og samarbeid internt og eksternt

Vi tilbyr

  • Hyggeleg arbeidsmiljø
  • Eit sterkt og breitt internt fagmiljø
  • Faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
  • Arbeidstøy og mobiltelefonordning
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar, som til dømes støtteordning for trening
  • Løn etter Statens lønnsregulativ frå kr 480 000,- til kr 550 000,- pr. år, avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse Gjennom Statens Pensjonskasse er det gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Roald Sjursæther

underdirektør

489 94 870

Søk stilling

Vis flere stillinger: