Vassbygdevatnet fra Fv 50, visualisering av ny trasé. Ill. Statnett

Har gitt løyve til ny kraftleidning mellom Aurland og Sogndal

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve Statnett AS løyve til å bygge ein 420 kV kraftleidning til erstatning for dagens 300 kV leidning i Sogndal, Vik, Lærdal og Aurland kommunar, i Vestland fylke.

- Statnett har fått løyve til å bygge nye 420 kV kraftleidningar mellom Aurland og Sogndal, og Sogndal og Ramnaberg. Dei eksisterande 300 kV leidningane på same strekningar skal fjernast. Nye leidningar skal hovudsakeleg etablerast parallelt med dei gamle leidningane, men vil byggas i heilt nye spenn over Vassbygdevatnet og Sogndalsfjorden, heiter det i ei pressemelding fra NVE.

Grunngjevinga for vedtaka er hovudsakleg behovet for å auke overføringskapasiteten på kraftleidningane.

- I tillegg er fjordspennene over Sogndalsfjorden og Sognefjorden gamle og det er nødvendig å bytte desse ut. Når dei nye nettanlegga er bygget, vil om lag 65 kilometer med dei gamle leidningane fjernast. NVE vurderer at nytten av tiltaka er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjer derfor løyve til tiltaka, skriv NVE i meldinga.