I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa nær 1,1 milliard kroner til rassikring på riksvegar. Nær 800 millionar kroner er foreslått fordelt til fylkesvegar.
Regjeringa sett av 100 millionar kroner for å starte å bygge E16 Kvamskleiva i Innlandet. I Nasjonal transportplan var det ikkje lagt opp til byggestart før i perioden 2024-2029, prosjektet vert dermed framskunda med fleire år.
- E16 Kvamskleiva er eit viktig prosjekt for å sikre godt framkome på ein av hovudfartsvegane mellom Oslo og Bergen. Derfor framskundar vi oppstarten av bygginga. Den rasutsette strekninga er òg ein flaskehals der det ofte er store problem vinterstid. Det er svært gledeleg at vi starter bygginga av tunnelen allereie neste år, seier Dale.
Store prosjekt
I tillegg til Kvamskleiva får følgande prosjekt pengar til rassikring i 2020:
- Rv. 5 Kjøsnesfjorden i Vestland: 410 millionar kroner til fortsatt utbygging
- Rv. 13 Vik – Vangsnes i Vestland: 158 millionar kroner til fortsatt utbygging
- E69 Skarvbergtunnelen i Troms og Finnmark: 380 millionar kroner til fortsatt utbygging
- E16 Voss – Arna og E6 Indre Nordnes – Skardalen får pengar til sluttoppgjer.
Rassikring av fylkesvegar
- Det er viktig å gi fylka moglegheit til å sikre sine eigne vegar. Regjeringa foreslår derfor å fordele nær 800 millionar kroner av midla til fylka til rasutsette fylkesvegar. Midla er fordelt etter Statens vegvesen si kartlegging av rasfaren på norske vegar. Det kjem folk i heile landet til gode, seier samferdselsministeren.
- Nøkkelord
- Anlegg
- Statsbudsjettet