Julie M. Brodtkorb er blant de som deltek på Loendagane 2019.

MEF arrangerer Loendagane for 40. gang

 - Styreleiar i MEF Arnstein Repstad og MEFs administrerande direktør Julie M. Brodtkorb deltek på Loendagane på Hotel Alexandra 27. - 29.september.

Loendagane er eit arrangement der medlemsbedriftene deltek med sine familiar og tilsette. Det er påmeldt 54 leverandørar til utstillinga inne og ute på årets Loendagar. Dei representerer det meste som anleggsbransjen treng, programvare, utsyr, maskiner, bilar med meir. 

- Vi reknar med opp mot 3.000 besøkande i løpet av helga, der laurdag 28. september er dagen med mest besøk, fortel regionsjefane Øyvind Bergset og Paul Olaf Baraas i MEF.

- Laurdag 28. september mellom kl. 10.00 – 11.45 er det fagseminar i Loensal. Der skal styreleiar i MEF Arnstein Repstad og MEFs administrerande direktør Julie M. Brodtkorb halde sine innlegg, før vi avsluttar fagseminaret med humorforedrag «Frå verkelegheit til suksess» med hotelldirektør Richard Grov, fortel Bergset og Baraas.

Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) sine avdelingar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal står som arrangør for dei årlege Loendagane. Årets Loendagar innehar 40-årsjubileum og det skal sjølvsagt markerast på ulike måtar med blant anna jubileumsfyrverkeri på laurdag kveld. Loendagane er eit arrangement for MEF medlemar i region vest (Nord Rogaland og Hordaland, og Sogn og Fjordane) og region midt (Trøndelag, og Møre og Romsdal).