Prosjektleiar Jens-Ivar Nilsen (f.v.), kontrollingeniør Geir Magne Tyssebotn, fungerande regionvegsjef Tone Oppedal, byggjeleiar Jørn F. Simonsen, dagleg leiar Ole Petter Flage, prosjektleiar Erik Flage og anleggsleiar Egil Ørnes i Flage Maskin. Foto: Statens vegvesen

Flage Maskin signerte 210-millionerskontrakt - skal bygge rassikringstunnel i Årdal

Statens vegvesen signerte fredag kontrakt med Flage Maskin AS om bygging av ny rassikringstunnel i Ljoteli på fv. 53 i Årdal.

Tunnelen skal bli cirka 1,1 km lang, og den skal sikre eit bratt parti av stigninga opp frå Øvre Årdal mot steinsprang, nedfall av is og snøskred.

Sju entreprenørar konkurrerte om kontrakten på fv. 53 Årdal-Tyin, og etter at to av tilboda i konkurransen vart avviste, stod Flage Maskin AS frå Voss igjen med det beste tilbodet.

Kontrakten med ein sum på 210 millionar eks. moms vart signert på regionvegkontoret på Leikanger av fungerande regionvegsjef Tone Oppedal og dagleg leiar Ole Petter Flage i Flage Maskin AS.

- Dette er ein viktig kontrakt for oss, då den sikrar folk og maskinar arbeid gjennom vinteren. Me ser føre oss å starte arbeidet rundt månadsskiftet, og me har planar om å byrje på sjølve tunneldrivinga i januar, seier prosjektleiar Erik Flage i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

Flage Maskin har allereie jobba nokre månader på fv. 53, då dei også fekk oppdraget med å gjere det førebuande arbeidet til tunnelprosjektet i Ljoteli.

Mellom anna er murar under vegen forsterka, det er gjort masseutskifting og sprengt ut skjeringar.

- Me ser fram til å få utbetra vegen i Ljoteli, og me oppmodar folk i Årdal til å ha tolmod med oss, då det blir mykje arbeid og stengingar ut over hausten og vinteren, seier prosjektleiar Jens-Ivar Nilsen i Statens vegvesen.

Den nye tunnelen skal sikre at fv. 53 blir ein meir forutsigbar og open veg med færre stengingar. Den nye Ljotelitunnelen vert 1.100 meter lang.

I tillegg skal det byggast om lag 1200 meter veg i dagen, der 600 m skal byggjast på Holsbru og resten inn mot kvar ende av den nye tunnelen.