Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Vegvesenet: Bussveien gjennom Jåttåvågen nødvendig for fremtiden

Statens vegvesen er ferdig med forslag til reguleringsplan for Bussveien gjennom Jåttåvågen i Stavanger.

Planleggarar i Statens vegvesen har saman med prosjekteigar Rogaland fylkeskommune jobba med bussveiplanane for Jåttåvågen i fleire år. Denne veka leverer dei planen til behandling i Stavanger kommune.

- Vi er stolte over planen vi nå leverer ifrå oss. Løysinga er framtidsretta, med gode tilbod til alle som går, syklar og reiser med buss, seier planprosessleiar i Statens vegvesen, Richard Wigestrand i en pressemelding.

Bussveien gjennom Jåttåvågen er cirka to kilometer lang, mellom Stasjonsveien på Vaulen til Gauselvågen. Langs strekninga kjem sykkelfelt og fortau.

Ny bydel

I framtida kjem rundt 1500 nye bustader og arbeidsplassar på det gamle industriområdet i Jåttåvågen. Bussveien er ein sentral brikke i ei slik utvikling og bidrar til å nå nullvekstmålet om at fleire skal reise kollektivt.

- Bussveien er heilt nødvendig for den nye bydelen i Jåttåvågen. Nå håpar vi at innbyggarane og kommunen er nøgde med forlaget vårt til korleis løysinga blir, seier Wigestrand.

Framtidsretta

Bussveien gjennom Jåttåvågen blir den dyraste strekninga i Bussveien. Dei siste åra har prosjektleiinga kutta vesentlege kostnadar, slik at ein nå held seg innanfor styringsramma som er 1,9 milliardar kroner.

- Vi må hugse at vi planlegg Bussveien med tanke på framtida. Denne strekninga er til dømes avgjerande for å utvikle den nye bydelen i Jåttåvågen, og koplinga opp mot det nye sjukehuset, poengterer Wigestrand.

Stram framdrift

Bussveien gjennom Jåttåvågen er eit komplisert prosjekt, og det blir krevjande å bygge strekninga.

Det betyr nokre år med ulemper for dei som bur og ferdast i området.

- Vi er avhengige av ei stram framdrift for å bli ferdige til 2023. Truleg må vi jobbe skift for å bli ferdige i tide. Det blir også utfordrande å avvikle trafikken i byggeperioden. Dette har vi planar for, men vi ønskjer å gjere ulempene minst moglege for folk, mellom anna ved å informere godt om kva som skjer, fortel Wigestrand.