Byggeleiar Kari Bremnes i Statens vegvesen forklarte statsråden om tunnel-innreiinga. Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen

Jon Georg Dale: - Eit fantastisk prosjekt

- Dette er eit fantastisk vegprosjekt, seier samferdsleminister Jon Georg Dale etter synfaringa til E39 Svegatjørn–Rådal.

Statsråden avslutta besøksturen mellom Stord og Bergen tysdag med synfaring og orientering om status for bygging av motorvegprosjektet E39 Svegatjørn–Rådal.

- Dette vegprosjektet vil ha ein stor verdi for ein utvida arbeidsmarknad i regionen. Ikkje minst blir den nye motorvegen viktig for næringstransporten langs langs E39 på Vestlandet, sa Dale til vegvesen.no.

Prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen stadfesta at det framleis er ei målsetting å kunne opne heile E39 Svegatjørn–Rådal sommaren 2022. Armen på rv. 580 mellom Nordås og Flyplassvegen har ein som mål å kunne sleppe trafikk på eitt år tidlegare.

Ottesen orienterte gjestane om status for prosjektet, som er godt og vel halvvegs ute i byggeperioden no. Som byggeleiar for den største kontrakten orienterte Kari Bremnes om arbeidet gjennom synfaringa med buss på fleire av byggeplassane i Os.