Dei to nye bruene på E399 ved Helgheim kyrkje. Køyrebrua er 25 meter lang og ti meter brei. Foto: Statens vegvesenEtter 13 timar kontinuerleg støyping kunne Implenia avslutte arbeidet. Foto: Statens vegvesenNår betongen er herda kan forskalinga rivast. Foto: Statens vegvesenStøypinga starta grytidleg fredag 11. januar. Det gjekk med om lag 250 kubikkmeter betong. Foto: Statens vegvesenBetongbilen heller betong over til ein pumpebil, som via ein lang slange får betongen ut på brua og ned i armeringa. Foto: Statens vegvesen

Siste brustøyp på E39 ved Helgheim

Fredag 11. januar var ein merkedag på prosjektet E39 Bjørset–Skei i Sogn og Fjordane. Då vart den nye køyrebrua ved Helgheim kyrkje støypt - den siste av i alt fem bruer på prosjektet.

Før var det ei bru på E39 ved Helgheim, no er det to nye bruer. Gang- og sykkelbrua stod ferdig våren 2018, og har vore omkøyringsveg medan den nye køyrebrua var under bygging. 

-  Når den nye køyrebrua no står klar er vi dermed eit stort steg nærare å fjerne einvegskøyring og trafikklys på denne strekninga. Etter at betongen er herda og noko etterarbeid på brua kan den opnast for trafikk om eit par månader, melder Statens vegvesen.

Støypearbeidet gjekk kontinuerleg frå klokka 06:00 til 19:00, og det er viktig at arbeidsprosessane flyt godt for å unngå støypeskøyter og sikre kvaliteten. Brua er 25x10 meter, og det gjekk med om lag 250 kubikkmeter betong i dette arbeidet. 

I alt tolv mann pluss to reservar var med på støypearbeidet. I tillegg var det ein mann som bemanna pumpebilen, og 4-5 sjåførar.

Entreprenør på prosjektet er Implenia.